JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Bedehuset – ein kulturell fellesmarknad

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oscar Ahnfelt (1813–1882) var både songar, komponist og musikkforleggjar.

Foto: Wikipedia

3740
20200403
3740
20200403

Dei fleste av oss er vaksne opp i nærleiken av eit bedehus. Og mange av oss har opplevd at der kunne det vere trongt og innestengt. Og om vi ser bort frå misjonsarbeidet, kunne perspektiva vere svært lokale.

Når vi så kom ut i den store verda, bort frå det heimlege bedehuset, oppdaga vi at dette var biletet av bedehuset også i det etablerte kulturlivet. Bedehuset var heimestrikka og norsk. Bedehuset er ingen vinnar i norsk litteratur. Ikkje i norsk historieskriving heller, om det i det heile har fått plass der.

Som historieskriving er dette litt underleg. Det norske bedehuset og dei folkelege religiøse rørslene, med sitt snakk om personleg frelse, er som så mykje anna i landet vårt lokale nedslag av ei sentral europeisk kulturutvikling. Det norske bedehuset, og folket der, er svært europeiske.

Tyskaren Martin Luther gjorde møtet med Gud til eit personleg møte, gjennom Guds ord. August Hermann Francke og Philipp Jacob Spener, to andre tyskarar, formulerte pietismen mot slutten av 1600-talet. Dei fekk mange med seg. Immanuel Kant, også tyskar, løfte fram menneskets erkjenningsevne. Med sanseapparatet og dei intellektuelle evnene våre formar vi den verda vi lever i. Vi er blitt myndige, Guds medskaparar. Opplevinga vår av verda rundt oss kom i sentrum. Individet steig fram. Romantikken overtok.

På 1800-talet kom den moderne bibelkritikken, og Bibelens autoritet vakla både som historieskriving og som naturvitskap. Religionen var i fare.

Då dukka Kant opp, gjennom ein elev, også ein tyskar, Friedrich Schleiermacher. Religion er noko anna enn vitskap, sa han. Religionen har sjølvstendig eksistens og handlar om kjensla av å vere absolutt avhengig av Gud. Gudsbeviset låg i trusopplevinga. Religionen var frigjord frå trugsmålet frå vitskapen.

Saman med dansken Søren Kierkegaard, som også gjorde trua sentral, kom Schleiermacher til å setje djupe spor i norsk kyrkjeliv. Den fremste representanten for denne læra var nok Ole Hallesby, med sitt krav om omvending til tru og frelse. På norske bedehus trur ein seg frelst. Framleis.

Desse karane, Luther, Francke, Spener, Schleiermacher og Kierkegaard vandrar dagleg rundt i norske bedehus med tankane sine. Kant er også med, i bakgrunnen.

Tankane i norske bedehus og kyrkjer er svært europeiske. Det er også songen og musikken. I hundreår var kyrkja einaste staden der nordmenn kunne høyre Bach, Händel og dei andre.

No dreiv det inn i bedehusa musikk og songar frå mange utland, frå lågkyrkjelege rørsler i England og USA, frå metodistar og andre. John Newman vart å høyre: «Leid milde ljos».

Og frå Sverige. I ettertid er kanskje samlivet mellom bedehusfolka i den svensk-norske unionen det mest fruktbare i heile unionen. Lina Sandell slo igjennom, også i Noreg. «Bred dina vida vingar», song ho. Og «Blott en dag, et øgonblick i sänder». Den finske «Finlandiahymnen» vart til «Stjernesangen» på norske bedehus. Og bedehusfolket song om den dagen då kvar tåke var forsvunnen, til melodi av svensken Oscar Ahnfelt.

Men også orda kryssa grensene. Carl Olof Rosenius var ein stor svensk vekkingspredikant på 1800-talet, også ein produktiv forfattar med andakts- og oppbyggingsbøker. I min barndom var bøkene hans å finne i mange heimar i Ryfylke, til personleg bruk og til husandaktar.

Det finst ingen påliteleg statistikk, men eg vil våge å tru at få svenske forfattarar har hatt fleire lesarar i Noreg enn Rosenius. I mitt heimemiljø rådde han grunnen langt på veg åleine. Og han vart lesen med stort alvor.

Det er mykje som kan seiast om norske bedehus, mykje er sagt, og mykje er sant. Men særnorske og heimestrikka er dei ikkje.

Dei er kanskje, når det kjem til stykket, noko av det mest europeiske vi har.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis