Dyr
Bandtvang
Mange sauar og andre dyr blir skada eller drepne av hund, og skadane skjer ofte i tida for bandtvang.
Foto: Privat
Kva skal vi gjere med hundar som bit? Høgsterett bestemte nyleg at hunden Ben skal avlivast, etter at han drap ein sau og skada seks andre på beite i Gudbrandsdalen sommaren 2023.
Dyrevernorganisasjonen NOAH har kjempa gjennom tingrett og lagmannsrett for å få hunden omplassert, men lova om hundehald frå 2023 gjev politiet rett til å ta livet av hundar som gjer alvorleg skade på folk eller dyr, og no har Høgsterett kome med den endelege dødsdommen.
For heile landet har vi generell bandtvang frå 1. april til 20. august. Kommunane kan også innføre strengare krav, til dømes på vintrar med ekstra mykje snø og utfordringar for hjorteviltet. Det finst inga samla oversikt over kor mange husdyr eller vilt som blir angripne av hund. Fagorganisasjonen Norsk Sau og Geit meiner at laushundar drep meir enn 1000 sau på beite kvart år, men dei trur at mørketala er store fordi mange uansvarlege eigarar ikkje veit om eller ikkje melder frå om skadeverket.
Naturleg aggresjon
Hundar er sosiale og territoriale rovdyr med mange grunnleggjande åtferdsmønster, og aggresjon er ein naturleg del av eit hundeliv. Når hundar bit folk eller andre hundar, er det ofte i ein pressa situasjon der hunden går til angrep for å verne seg sjølv, territoriet eller familien sin, og dei fleste hundar kan bli redde eller provoserte nok til å bite frå seg. Men folk som blir bitne av sin eigen hund, er ofte lite interesserte i å melde frå til politiet, og korkje legevakt eller veterinær har automatisk varslingsplikt i slike tilfelle.
Chihuahua, søte miniatyrhundar som ikkje blir større enn ein liten katt, har eit stort ego og ikkje like godt utvikla sosial intelligens og blir ofte rekna blant dei mest aggressive av alle familiehundane. Polarhundar kjem også høgt på statistikken over aggressive hundetypar, men konsekvensane av eit angrep blir naturlegvis litt forskjellige i dei to tilfella.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.