Bak kulturen
Forfattar Johan Bojer (1872–1959) gav halvparten av Gyldendal-aksjane sine til soknerådet i Rissa.
Foto: NTB scanpix
Bak kunsten og kulturen er pengane. Det er eit ubryteleg samliv. Alle kulturinstitusjonar har for lite pengar. Alle vil meir enn dei har pengar til. Og alle må seie nei til framifrå prosjekt fordi nødvendige pengar ikkje finst. Av dette blir det konfliktar, spesielt om det blir mistanke om at lønsam og nødvendig kommers fortrengjer verdfull kunst og kultur.
I boka si om Det Norske Teatrets historie, Trass alt, fortel Alfred Fidjestøl om økonomien til teateret. Han var ofte vanskeleg, kassa var tom. Løysinga var å setje opp Brørne Østermanns huskors. Det gav fulle hus og klirr i kassa. Og kjeft på kultursidene. Dette var å svike teaterets idé, meininga med livet. Men pengane kom inn, og livet gjekk vidare.
Følg pengane, sa professor Johan Schreiner når han bad oss forklare og analysere ei historisk hending. Å følgje pengane i kulturen kan gje interessante funn.
Då eg vart sjef i Gyldendal i 1980, ville eg finne ut kven som åtte forlaget. Aksjonærregisteret fortalde det. Og her var uventa eigarar å finne. Ein mellomstor eigar var Rissa sokneråd, den institusjonen i kommunen Rissa i Trøndelag som steller med kyrkja. Kvifor det?
Svaret var Johan Bojer. Han var fattigguten frå Rissa som førte barndommen og heimkommunen sin inn i norsk litteratur. Heime las vi mykje Bojer.
Han var ein suksessrik forfattar med godt sal også i utlandet, spesielt i Frankrike. Han vart ein velståande mann.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.