Bacon
På minst eitt felt er grisen uslåeleg.
Grilla kalkun pakka inn i bacon.
Foto: Wikipedia
Hipsterane i hovudstaden strør det på softisen. Tapasrestaurantane pakkar dadlane i det. I Skottland pakkar dei hardkokte egg inn i det før dei hiv det i frityrkokaren, og i USA får du kjøpt det dyppa i sjokolade og selt som godteri.
Det er med andre ord ikkje nokon veg attende: Vi må berre erkjenne at den gjennomsnittlege kvardagen er temmeleg godt bada i bacon. Truleg meir enn kva som sunt er. Men kva er eigentleg bacon?
Bakendebacon
Vi er jo vane med å tenke at bacon er salta, røykt kjøt skore ein eller anna stad ved ribbeina på grisen. Men ordet bacon kjem frå det gamle, høgtyske bacho som tyder «bakende». Skinke, altså. Vil det seie at vi må akseptere det engelske filetbaconet, sjølv om det er uforskamma fritt for feitt?
Mest truleg. Ifylgje Wikipedia må vi òg finne oss i nakkebacon, skulderbacon og underkjevebacon – det har dei iallfall i USA.
Uansett. At vi ikkje eintydig kan sette grenser for kva som er bacon, tyder ikkje at vi ikkje kan seie kva som absolutt ikkje er bacon. Det er ingen tvil om at Mattilsynet har sitt på det reine når dei no prøver å stoppe Nortura frå å kalle samanlimt kalkunkjøt Kalkunbacon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.