AvantgardemattEg har aldri skrive noko som har generert så mykje fortviling som dette. Denne spalta er jo ein unik sjanger – sjakk utan sjakktrekk – og difor har eg tidlegare ikkje synt fram diagramstillingar her i avisa. Men eg vil ikkje lenger verna dykk

Publisert

Eg har aldri skrive noko som har generert så mykje fortviling som dette. Denne spalta er jo ein unik sjanger – sjakk utan sjakktrekk – og difor har eg tidlegare ikkje synt fram diagramstillingar her i avisa. Men eg vil ikkje lenger verna dykk mot smerta og frustrasjonen over dette kunstverket. Sjakkstillinga ovanfor representerer toppen av kaos og disharmoni på 64 felt. Det er ikkje mogleg å laga noko verre. Men likevel finst det ei unik løysing på galskapen: Kvit har berre éin måte å setja svart sjakk matt på.

Det er i konflikten mellom skort på orden og venleik (stillinga på brettet) og den enkle og fullkomne tolkinga (løysinga på problemet) at avantgardekunstverket triumferer.

Oppgåver med tittelen «matt i eitt trekk» engasjerer alltid, då løysinga må vera enkel og «folkeleg», utan lange variantar. Men problemet her er at denne komposisjonen, av den russiske sjakktryllekunstnaren Leonid Kubbel (1891–1942), ikkje liknar på noko ein har sett før. Ein kan ikkje nytta intuisjonen, mønsterattkjenning i langtidsminnet, men må sjekka kvart einaste moglege kvite trekk. Er det matt eller ikkje?

I boka Å dykke etter sjøhester – en bok om hukommelse (2016) har forfattarsystrene Hilde og Ylva Østby gjennomført eit klassisk eksperiment som syner at sterke sjakkspelarar baserer seg på intuisjon. Når røynda vert for kaotisk, er stormeistrar nesten like hjelpelause som nybyrjarar.

Då eg tok med stillinga til Kubbel i boka Sjakken eller livet (2016), fekk eg ei rad meldingar frå lesarar som meinte å ha funne ein feil (biløysing) i oppgåva. Dei gløymde at Kubbel var eit geni. Mange – mellom anna ein noregsmeister i postsjakk – peikte på at kvit enkelt kan setja matt ved å gå inn med d7-bonden til dronning. Det dei ikkje såg, var at den kvite kongen då vert ståande i sjakk frå ein mystisk svart laupar på c8.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement