JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Av dei sjeldne

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2368
20180105
2368
20180105

Dersom det hadde vore ein beinveges samanheng mellom ordtyding og ordbruk, hadde sjeldan vore eit sjeldsynt ord. Men sjeldan er slett ikkje ein sjeldan gjest i tekst og tale. Me lyt ofte målbera at noko ikkje hender ofte, og me treng ord som seier at noko er uvanleg eller beint fram eineståande. Sjeldan er alltid på pletten – ein trufast og (minst) tusen år gamal slitar.

I mellomalderen heitte det sjaldan. Til liks med vårt sjeldan kunne det gradbøyast: sjaldnar (el. sjaldar) og sjaldnast. Komparativ- og superlativforma er sjeldnare enn positivforma, og det ser ut til at Ivar Aasen aldri møtte desse formene då han granska talemåla. I Norsk Ordbog skriv han at komparativ av sjeldan «skal ogsaa forekomme», og so viser han til Norske Folkeviser av Landstad (1853), der det står: «han vitjad en inki sjellar/ tri gángur kvor ein dag» (Ivar Erlingen og Riddarsonen). Men det var ei smal sak for Aasen å finna slektningar av sjeldan. Han nemner gamalengelsk seldan, som seinare vart seldom, og me kan leggja til svensk sällan, dansk sjælden og tysk selten.

Fyrstelekken er eit gamalt, germansk ord, men me veit ikkje so mykje meir om kvar det kjem ifrå. Derimot veit me at det ter seg i andre ord, til dømes i dansk sælsom (bokmål selsom), som i grunnen er ein fortyska form av dansk sælsynt. Forma sælsom er utan tvil den vanlegaste, og i Ordbog over det danske Sprog står det at sælsynt fyrst og fremst vert nytta av «sprogrensere». Dei av oss som er norske språkreinsarar, styrer gjerne unna seiemåtar som «det høyrer til sjeldanheitene». Det er vel like greitt å seia beint ut at noko er sjeldan eller sjeldsynt?

Ein sjeldan gong støyter me på andre samansetjingar som byrjar på sjeld-, til dømes sjeldfengd («sjeldfengde varer»), sjeldgjengd («ein sjeldgjengd kar») og sjeldhøyrd («ordet er sjeldhøyrt i dag»). For nokre språkbrukarar er desse orda ukjende, for andre er dei velkjende. Kva me reknar som eit sjeldsyn, ymsar òg. To ordtak utdjupar emnet: «Det som sjeldan kjem, er alltid nytt.» «Det ein sjeldan høyrer, er snart gløymt.» Ikkje alle er so gløymske at dei oppfattar det sjeldne som flunkande nytt. Men det sjeldne merkjer seg ut, og me går ikkje so lett lei av det. Som det so friskt heiter i ordtaket: «Det er kjær gjest som sjeldan kjem.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis