Utan att hadde ikkje nynorsken vore attkjennande. Er den utsegna kvesst so hardt at folk ikkje kan stilla seg attom henne? Nei, her er ingen grunn til å ta atterhald. Att går att i skrifta og talen til mange av oss: Det er ein høgst levande attergangar. Her skal det i alle fall verta so mykje att og atter att at stykket plent verkar attgrodd. Til dei som ikkje orkar slik oppattaking, er det berre å seia: Ser dykk att neste veke.
Att og atter (ofte uttala atte) er opphavleg same ordet. Andre former av ordet er norrønt aptr og aftr, dansk atter, svensk åter, engelsk after og lågtysk og nederlandsk achter, som me finn att i lånordet akter. Att er nærskyldt etter, aftan og eftan. Dei to sistnemnde skal fyrst ha tydt ‘tida etter middag, ettermiddag’, som seinare vart ‘(tidleg) kveld’. Stundom nyttar me att i tydinga ‘bak’ («sitja att i el. atti båten»), og til liks med bak kan att gradbøyast: attre («attre enden av båten»); attarst («dei attarste rekkjene»). Verbet attra (‘flytta attende, rygga; ta tilbake; halda att’) høyrer òg heime her.
Att ter seg tidt som attpåklatt i setningane våre. Me kan til dømes seia eller skriva eit ord, gjerne eit verb, og slengja att attpå: gå att, sitja att, koma att, finna att, gløyma att, kjenna att, nå att, lata att, frysa att, kneppa att og gjera noko om att eller opp att. Om me dett att å ende eller att å bak (på ryggen), kan me reisa oss att. Folk som er sjuke, kan friskna til att. Andre gonger veit me at dei ikkje har lenge att.
Dei som veit korkje att eller fram, er heller rådville. Kan henda lurer dei på kva dei skal gjera med ord som byrjar på gjen. I dag er det fullt lovleg og temmeleg vanleg å nytta ord som gjensyn, gjenreising og gjendikting når ein skriv nynorsk. Det tyder ikkje at det går til atters med att og atter. Ord som atterhalden, atterreising, atterklang, attdikting, attlevande og attval svingar seg jamt. Men attføring og attergløyme har nok hatt glanstida si.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.