Atomet – kjempe med trong fødsel

Demokrit levde i åra 460–370 f.Kr.
Demokrit levde i åra 460–370 f.Kr.
Publisert

«I dette verket skal eg ta for meg alle ting», skriv den greske filosofen Demokrit (ca. 400 f.Kr.) i innleiinga til verket Liten kosmologi. Og han skreiv mykje, boklista hans er lang. Men alt er borte. Vi kjenner tankane hans først og fremst frå kritikarane hans, som Aristoteles og Platon.

Men på underleg vis, trass i den bortkomne boklista, kom Demokrit til å skrive om alle ting. Han lanserte atomet som ei forklaring på korleis verda var laga. Universet er eit stort tomrom, der det svirrar tallause atom, sa Demokrit. Det er ein påstand som framleis står seg. Demokrit skreiv om atomet, som er i alle ting. Han skreiv altså om alle ting, bokstaveleg tala.

Korleis kom han på dette, i ei tid utan eksperiment og avanserte instrument? Han brukte det han hadde. Han såg og tenkte. Eit trehjul blir slite ned. Ein klesvask tørkar. Kvifor det?

Jo, sa Demokrit, små partiklar blir rivne laus frå hjulet og klesvasken. Hjulet blir slite, og vasken blir tørr.

Dette såg han. Så vart han filosofisk. All materie kan delast opp. Kan han delast opp i det uendelege? Nei, sa Demokrit, til slutt vil du sitje att med eit lite punkt som er udeleleg, det udelelege, atomet.

Og atomet var tenkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement