Ord om språk

Årvak i vokestova

Publisert

Når skal ein sova, og når skal ein vera vaken? Nokre er morgonvake og kveldsvævde: Dei vaknar tidleg og er opplagde om morgonen, men er huga til å sova om kvelden. Dei kan òg kalla seg årvakne (eig. ‘tidleg vaken’). Andre er kveldvake og morgonsvævde. Dei som har lett for å vaka om natta og sova om dagen, har stundom fått dei leie orda andsvævd (‘motsvævd’) og rangsvævd klistra på seg. Anten ein er slik eller slik, er det uråd å lura seg unna svevnen: «Di lenger ein vaker, di lenger søv ein sidan.»

Vaka (norr. vaka) har vakt over oss lenge, og ordet har om lag same forma i dei germanske måla. Attåt vaka (norsk, svensk, islandsk, færøysk) har me engelsk wake, tysk wachen og nederlandsk waken. Bokmålsforma våke kjem av dansk våge. Ordet høyrer til ei ætt med mange friske og opplagde ord, som latin vegetus (‘livleg, kvik’), vigil (‘vaken, årvaken’) og vigilia (‘nattevaking; nattevakt; nattgudsteneste’).

Til og med folk som ikkje er so oppvakte, skjønar at vaka er nærskyldt vaken, vak, vakna og vekkja. Det sistnemnde ordet vart drøft her i nr. 51/2016. Vaka i tydinga ‘spretta i vassflata; flyta’ («fisken vaker») kjem frå lågtysk eller nederlandsk, men det er i grunnen same ordet som vaka (‘vera vaken, ikkje (få) sova’). Frå lågtysk kjem òg vakt (t.d. dørvakt), som har grunntydinga ‘det å vaka’. Hokjønnsordet vake eller voke (jf. norr. vaka, oblik kasus vöku) har målføreformer som våko, voko og vuku. Ordet ter seg i stytt form i jonsok (eig. jonsvoke) og olsok (olavsvoke).

Tanken på å verta overvakt kan gjera kven som helst andvaken (‘svevnlaus’). Men overvaking kan òg vera bra: Dei som ligg til overvaking på sjukehuset, er i trygge hender, i alle fall om det er vakne folk på vakt. I dag har mange ei vaknande interesse for woke-omgrepet, og nokre av dei trivst på valvake (frå svensk). Før i tida heldt folk vokestove eller likvoke: Då møttest dei og vakte og song over eit lik nettene før gravferda. Målet var å halda vonde ånder borte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement