Aristokraten og jødenMykje var ulikt, og mykje var likt. Det var ti års skilnad i alder. Den eldste,

Stormeister Osip Bernstein (1882–1962) spela framleis på høgt nivå som pensjonist etter krigen.
Stormeister Osip Bernstein (1882–1962) spela framleis på høgt nivå som pensjonist etter krigen.Stormeister Osip Bernstein (1882–1962) spela framleis på høgt nivå som pensjonist etter krigen.
Publisert

Mykje var ulikt, og mykje var likt. Det var ti års skilnad i alder. Den eldste, Osip Bernstein, var fødd i ein familie av ortodokse jødiske kjøpmenn i 1882 og vart Moskva-meister i 1911. Aleksandr Alekhin frå det førrevolusjonære russiske aristokratiet vann i Moskva i 1917. Bernstein fekk ein doktorgrad i jus frå tyske Heidelberg. Alekhin titulerte seg som doktor i jus, men det var ein bløff.

Dei hamna båe på dødscelle i ukrainske Odessa under borgarkrigen i 1918. Om Bernstein fortel historia at ein vakthavande kjende han att: «Er du sjakkmeisteren Osip Bernstein? Om du vinn eit parti mot meg, skal du få fridomen.» Bernstein vann og kom seg etter kvart til Paris. Alekhin stod òg på dødslista til bolsjevikane, men kom seg fri og drog nokre år seinare til Paris.

Alekhin vart verdsmeister for Frankrike i 1927, medan Bernstein vart ein kjend advokat og bygde snøgt opp ein ny rikdom, som han miste i 1929. I 1933 hadde dei to ein sjakkduell som enda 2–2. Dei var i den same frimurarlosjen for «kvite russiske» emigrantar. Bernstein starta òg opp ein ny losje og fekk Alekhin med på laget. Dei spela ofte uformelle parti heime hos Bernstein, mellom anna i 1940 like før Paris vart okkupert av tyskarane. Bernstein miste for tredje gong heile formuen sin.

Bernstein flykta til Sør-Frankrike vidare over Pyreneane til Spania, der han budde hos spanske sjakkspelarar. Han var ven med målaren Chagall og gøymde nokre kunstverk under krigen. Alekhin var ein opportunist som byrja spela i naziturneringar og publiserte grove åtak på jødiske sjakkspelarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement