Appelsinbrus

Ein liten drope verdshistorie – og ein liten drope appelsin.

Grøn brus, raud brus, brun brus – appelsinbrus!
Grøn brus, raud brus, brun brus – appelsinbrus!
Publisert

Endeleg, eller utan bøn, men uansett: Kvardagen er attende. Truleg utan striskjorte og havrelefse, men med desto meir tid til dei kvardagslege – og difor viktige – problemstillingane: full stillongs eller berre tynn strømpebukse? Kvit eller gul ost i matpakken? Busskort eller piggdekk på sykkelen? Og ikkje minst: Solo eller Fanta, om ein berre må ha seg ein brus og meiner det salige ligg i ein med appelsinsmak?

Skilnaden er mindre enn ein skulle tru. Det fyrste som overraskar, er at guldrikkane sit på delar av same historie: Der Fanta vart oppfunnen midt i andre verdskrigen, som eit alternativ sidan ingrediensane til Coca-Cola var vanskelege å få importert inn til Tyskland, dukka Solo opp seks år før krigsutbrotet (i 1934). Likevel har brusen så absolutt sin del av norsk krigshistorie: Solo stod aleine for ein fjerdepart av alt brussalet under krigen, i stor grad fordi tyskarane sette stor pris på brusen som var laga på appelsinar frå fasciststyrte Spania.

Dei om det. Det som framleis skil appelsinbrus frå mange andre typar brus, er at han faktisk har appelsin på ingredienslista: Der det ikkje finst éin einaste sitron i verken sitronbrus frå Oscar Sylte, Sprite frå Coca-Cola eller 7Up produsert hjå Ringnes, eller noko som helst anna som liknar råvarer enn sukker i cola, julebrus, eller brus med fruktsmak (tidlegare champagnebrus), inneheld både Solo og Fanta appelsinjuice frå konsentrat.

Det norskaste norske

Mengda er likevel ikkje stor: 8 prosent i Solo og 4,5 prosent i Fanta set nok ikkje det store avtrykket på verken smak eller helseprofil. Gjev det likevel ein peikepinn på kva for ei flaske ein burde velje?

Begge delar samstundes vert knappast dobbelt så godt – heller for mykje av det gode. Det kan synest som om valet er enkelt: Å velje den lokale varianten opp mot den globale merkevara er ein god tommelfinger- så vel som leveregel. Og der Fanta i åtti år har vore ei merkevare under det gigantiske Coca-Cola-kompaniet, har altså Solo minst like lenge vore blant det norskaste av det norske, «raskt ansett som Norges nasjonalbrus», ifylgje produsenten sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement