Sjakk

«Ape med handgranat»

Kven vert den 17. verdsmeisteren i sjakk, «heimefavoritten» Nepomnjasjtsjij eller Ding Liren? Svaret kjem i helga.
Kven vert den 17. verdsmeisteren i sjakk, «heimefavoritten» Nepomnjasjtsjij eller Ding Liren? Svaret kjem i helga.
Publisert

VM-kampen mellom russaren Jan Nepomnjasjtsjij (32) og kinesaren Ding Liren (30) går mot slutten. I kongerekkja frå 1886 vil den nye meisteren etter nivå og merittar stå nedst saman med nederlendaren Max Euwe (verdsmeister 1935–1937).

Nepomnjasjtsjij var barnestjerne, som tiåring betre enn jamgamle Carlsen. Men han har ikkje vore ein dominerande spelar i sin generasjon. Til dømes var han som 25-åring rangert bak Jon Ludvig Hammer.

Fyrst dei siste åra har russaren nådd toppen, med god hjelp frå eigaren av Norilsk Nickel, Putin-oligarken Vladimir Potanin, som i mange år var Russlands rikaste mann. Potanin fylgjer sjakken tett, men den oppblåsne milliardæren saknar sjølvinnsikt, som når han kritiserer spelarane for konkrete trekk og strategiar. Hovudproblemet med Potanin er likevel ikkje sjakkfagleg, men at han finansierer Russlands krig.

På liknande vis som Putins «Wagner-kokk» Prigozjin og forsvarsminister Sjojgu kjempar mot kvarandre i kulissane, er sjakk-oligarkane òg i krig. Presidenten i det russiske sjakkforbundet, dollarmilliardæren Andrej Filatov, har kritisert Nepomnjasjtsjij under VM-kampen og kalla han for «ein ape med ein handgranat». Filatov kom med ein «sjakkfagleg analyse» og meinte at landsmannen kan mista hovudet i kritiske parti. Men det Filatov eigenleg sa, var at «Nepo» er politisk upåliteleg og ikkje har stødd krigen.

Putin-klakøren Sergej Karjakin likar heller ikkje «Nepo», men Karjakin er òg i konflikt med Filatov. Dette er godt nytt for omdømet til Nepomnjasjtsjij i Vesten – hadde det ikkje vore for støtta frå Potanin. For å komplisera krig–sjakk-tematikken endå meir nemner eg en passant at forsvarsministeren og fleire krigsforbrytarar har honorære verv i sjakkforbundet.

I Russland – i samfunnet og sjakken – er det fritt fram å kritisera kvarandre så lenge ein står saman med Putin. Eg kjenner ingen ekspertar som fullt ut skjønar denne maktkampen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement