Apar mot poliomyelitt

Jonas E. Salk utvikla poliovaksinen i 1954.
Jonas E. Salk utvikla poliovaksinen i 1954.
Publisert Sist oppdatert

Poliomyelitt, eller polio, som sjukdommen ofte blir kalla, var lenge ein frykta sjukdom. Han var smittsam og akutt og gjekk til åtak på nervecellene i ryggmergen. Resultatet kunne ofte bli varige lammingar og livsvarige skadar.

Forskarane arbeidde intenst for å forstå sjukdommen og finne middel til å drive han tilbake. I 1909 vart det påvist at smitten kunne gå frå menneske til apar. Det medførte at apane kom inn i laboratoria som nyttige forsøksdyr.

I 1949 lukkast det å dyrke polioviruset i ein vevkultur i laboratoriet. Det gav ein nobelpris i medisin, som det også gjorde då J.E. Salk utvikla poliovaksinen i 1954. Sidan har polio vore i jamn nedgang. Sjukdommen er ikkje så farleg som han var.

Men vegen til dagens sinnsro når polio kjem på tale, har vore lang og smertefull. Også etter at Salk-vaksinen hadde fått gjennomslag, vart det leita intenst etter meir kunnskap. Og apane vart kalla inn for å skaffe denne nye kunnskapen, også i Noreg. Magasinet Forskningsetikk fortel om apane og lagnaden deira i nr. 1 2019.

I 1960- og 70-åra var det meir enn 700 apar som enda sine dagar i norske forskingslaboratorium. Desse apane, i hovudsak små makakar frå India, var fanga i jungelen og kunne kjøpast av ein dyrehandlar i København. Apane var så populære forskingsobjekt at det vart slått alarm. Apebestanden var truga. Apeforbruket måtte ned.

Apane i Noreg gjekk inn i polioforskinga. Nokre av dei vart lånte ut til tannlegestudiet for å teste nytt utstyr og nye teknikkar i tannstellet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement