Diktet

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Publisert Sist oppdatert

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid. Ho tek over etter Cathrine Strøm. Anna Kleiva voks opp på Vinstra og vekslar i dag mellom forfattargjerninga og arbeidet på Nasjonalbiblioteket.

Spalta starta for 15 år sidan med Asbjørn Aarnes og Jan Erik Vold. Aarnes kom frå Morgenbladet, Blindern og Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, Vold frå poesistudium i California og Uppsala og frå Profil, Vinduet og Basar.

Vold er drivkrafta bak spalta og ein institusjon i seg sjølv. Ikkje minst lyftar han fram gløymde diktarar som fortener merksemd. Ronny Spaans er fylt av patos og høgstil med dragning mot barokken, men stadig oftare hentar han fram kvardagsdikt frå notida.

Og Anna Kleiva? Ho kjem frå Gudbrandsdalen og forfattarstudiet i Bø. Ho les òg eldre dikt, men har late seg mest begeistra av skandinavisk samtidspoesi.

– Kvifor takka du ja til å skriva om dikt i Dag og Tid?

– Eg skriv ikkje så mykje om dikt til vanleg. Eg ser difor fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar. Prøva å formulera noko om kva dei seier, eller kvifor dikta treffer meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement