Anand før 2013
Ein norsk sjakkfamilie følgjer Anand i 2010.
I norsk sjakk har vi følgt indaren Vishy Anand sidan 1986, då han var 16 år gamal og kom til junior-VM på Gausdal høgfjellshotell. Anand spela leikande lett, med eit tempo ein berre finn hjå indiske ungdomar. Simen Agdestein var den store favoritten, men var mykje klokare og tyngre på labben. Til slutt vart Agdestein nummer to bak cubanaren Arencibia, medan Anand vart nummer sju. Året etter, på Filippinane, vart Anand juniorverdsmeister då han slo Agdestein i eit avgjerande parti.
I 1995 utfordra Anand verdsmeister Garri Kasparov i New York. VM-kampen byrja med åtte remisar, før Anand vann det niande partiet. Men Kasparov vann fire av dei fem neste partia. Ein kunne følgja trekka frå 107. etasje i World Trade Center direkte på internett. Henrik Carlsen gjorde nett det og freista lokka Magnus (4) til skjermen. Men utan stor suksess. Den vesle guten tykte ikkje sjakk var særleg interessant og slutta før han hadde byrja. Så fann han på ny fram til brikkene som åtteåring og utfordra storesyster Ellen (9).
På 2000-talet vann Anand eit parti mot stormeister Peter Heine Nielsen. Dei diskuterte partiet etterpå, og indaren vart så imponert over idérikdomen til dansken at han inviterte han til ei treningssamling. Slik vart Heine Nielsen sekundant for Anand under VM-kampen mot Vladimir Kramnik i 2008. Då Anand skulle forsvara tittelen mot Veselin Topalov i Sofia i 2010, på heimebanen til bulgararen, nytta han 19 år gamle Carlsen som sparringspartnar. Dansken var som vanleg med som sekundant.
Kampen vart jamn og spanande, då Anand endeleg kom fram til Sofia etter å ha vore «oskefast» i 40 timar. Stillinga var 5,5–5,5 før det siste partiet med Toplaov som kvit. Heile familien min følgde trekka på skjermen. Son min (10) var sjuk, men interessert. Dotter mi (7) var berre interessert. Topalov gjekk til åtak, men Anand vann etter eit framifrå motåtak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.