Ananas
Ananas er berre blåbær.
En skål med frisk frukt. Bowl with fresh food. Foto: Frank May / NTB scanpix
Ananas er ei ypparleg frukt. Det har ho vore i mange år, kanskje tusenvis. Anana tyder iallfall ”ypparleg frukt” på det karibiske urfolksspråket som har fått definere namnet. Eller var det guaraní – urfolksspråket i Paraguay – ordet kom frå? Eller vart namnet til fordi ein i transporten brukte om att banankassar – og for å ikkje forveksle – strauk over b-en? Forklaringane er like mange som etymologinettet er stort.
Derimot er dei fleste samde om at ananas ikkje er frukt, men ei samling av kring hundre individuelle bær. Planta veks som ein busk med ein fruktlekam i midten, og dei veks på andre sida av jorda. Med andre ord er det ganske langt mellom meg og jorda ananasen ein gong har vakse i. Mykje rart kan ha skjedd på vegen.
Då er det jammen fint at produsenten Dole har utstyrt ananasen eg har framføre meg, med ein merkelapp, og merkelappen med eit fint bilete av ein ananasdyrkar og ei oppmoding om å vitje garden hans på internettet. Det einaste eg treng å gjere, er å trykke koden 19015 i søkefeltet på nettsida dole-earth.com.
Ananasmoratorium
Som sagt, så gjort, og jammen får eg med ein gong vite at ananasen er produsert på plantasjen El Muelle i Costa Rica. Eg lærer at plantasjen er 9,6 kvadratkilometer stor og har 516 tilsette. Når merkelappen sa ”Visit my farm”, er det altså ein del som tyder på at det er ei sanning med modifikasjonar. Det er sjølvsagt Dole som eig plantasjen.
Og der sluttar eigentleg forteljinga om El Muelle. Dei syner meg ein film, men i kapittelet om miljø fortel dei meg om skular, og i avsnittet om kor mykje stell ein ananas treng, fortel ein tilsett om kor stolt borna hennar er av henne. Eg lærer likevel at ananas treng god jord og må passast ekstremt godt på: Kvar frukt må trimmast og haustast manuelt. Det tar 14-18 månader frå planting til ein ananas er moden. Planta kan haustast ein gong til, etter om lag 13 månader.
Dole fortel ikkje at lokale styresmakter fleire gonger har forsøkt å få gjennom moratorium mot ananasproduksjon i denne delen av Costa Rica. I 2014 forsøkte dei å stoppe næringa i heile landet. Trass i at ananas står for 6 prosent av eksportinntektene til landet, såg dei på han som så øydeleggande, og dei ynskte å stoppe all nyetablering.
Ananasproduksjonen i Costa Rica har vakse fort: frå nærare 0 til 60 prosent av verdsproduksjonen på 15 år. Kvifor vil alle plante ananas? Mellom anna fordi dei då slepp å betale skatt. Plantasjearbeidarane er i stor grad nicaraguanske migrantar som jobbar for låge løningar. Monokulturen på plantasjane krev store mengder plantevernmiddel, og det går utover lokalt drikkevatn.
19 øre til arbeidaren
Mykje tyder på at Dole ikkje er dei verste. Dei nyttar ikkje plantevernmidlet permaquat, som er forbode i Europa, men tillate i Sør- og Mellom-Amerika. Det er jo bra. Ifylgje Oxfam Tyskland betaler dei minimumslønn, og arbeidarane får vere medlem av ei fagforeining som verksemda styrer. Men Oxfam har berre snakka med 17 Dole-tilsette. Kva fortel det? Kva kan eg forvente å få vite, via eit nummer på ein ananas i ei Rema-hylle i Trøndelag?
Eg betaler 20 kroner for ananasen. Om vi overfører tyske tal til Noreg, går fem kroner til produsenten Dole. 42,6 prosent går til Rema 1000, 22,3 prosent til eksportørar, importørar, transport og toll. Resten – 9,7 prosent – går til å løne arbeidarane. Det vil seie 19 øre. Det gjev all den manuelle handteringa Dole skryter av i videoen, ein småsur bismak.
Kva skal ein stakkars vintersugen fruktelskar gjere? Det er ikkje heilt godt å seie. Men om ein ananas er hundre individuelle bær, finst det kanskje noko som kan konkurrere: blåbær. Dei finst. Fleirtalet er svenske, nokre er norske. Det er uansett mykje nærare, mykje villare og mykje lettare å kontrollere. Ypparleg.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mykje tyder på
at Dole ikkje er
dei verste.
Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.