Amerikansk musikk

Jeanette Thurber skipa National Conservatory of Music of America i 1885.
Jeanette Thurber skipa National Conservatory of Music of America i 1885.
Publisert

USA er ein ung nasjon. Det vi til dagleg kallar amerikansk historie, tek til med innvandringa. Det første stridsspørsmålet i amerikanske historie er spørsmålet om kven som kom først, Leiv Eriksson eller Columbus. Dei som var der før europearane, skrælingar, raudansikt, indianarar eller kva dei vart kalla, høyrer til spesialfag som arkeologi, etnografi og anna. I seinare tid er det auka interesse for dei som først folkesette Amerika, anten dei kom nordfrå over Beringstredet eller vestfrå over havet. Men amerikansk historie er det dei innvandra europearane som eig.

Då nasjonalismen og nasjonalstatane utvikla seg i heimlanda til dei nye amerikanarane, førte det til uro i den nyskapte amerikanske staten. Europeiske land hadde historie som gjekk bakover i hundreår, for ikkje å seie tusenår. USA hadde ikkje noko slikt.

Amerikansk musikk fanst ikkje. Av indianarmusikken var ingenting att. Den musikken som fanst, var europeisk heimlandsmusikk. Her måtte noko gjerast.

Jeanette Thurber var ei rik kvinne som sette pengane sine inn på dette. I 1885 skipa ho National Conservatory of Music of America i New York. Dette konservatoriet skulle dyrke fram det amerikanske i kunsten.

I Europa hadde det då vakse fram ei rørsle som dyrka det lokale i musikken: Dvorák og Smetana i Bøhmen, Bartók og Kodaly i Ungarn, Sibelius i Finland, Grieg og Svendsen i Noreg.

I 1891 inviterte Jeanette Thurber Antonín Dvorák til å overta leiinga av denne institusjonen. Han måtte kunne gjere det same her som heime. Vilkåra var gode, løna var 50 prosent høgare enn den borgarmeisteren i New York hadde, og familien til Dvorák, ikkje minst mora, pressa han til å svare ja for å få orden på familieøkonomien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement