Amerikansk musikk
Jeanette Thurber skipa National Conservatory of Music of America i 1885.
Foto: Wikipedia
USA er ein ung nasjon. Det vi til dagleg kallar amerikansk historie, tek til med innvandringa. Det første stridsspørsmålet i amerikanske historie er spørsmålet om kven som kom først, Leiv Eriksson eller Columbus. Dei som var der før europearane, skrælingar, raudansikt, indianarar eller kva dei vart kalla, høyrer til spesialfag som arkeologi, etnografi og anna. I seinare tid er det auka interesse for dei som først folkesette Amerika, anten dei kom nordfrå over Beringstredet eller vestfrå over havet. Men amerikansk historie er det dei innvandra europearane som eig.
Då nasjonalismen og nasjonalstatane utvikla seg i heimlanda til dei nye amerikanarane, førte det til uro i den nyskapte amerikanske staten. Europeiske land hadde historie som gjekk bakover i hundreår, for ikkje å seie tusenår. USA hadde ikkje noko slikt.
Amerikansk musikk fanst ikkje. Av indianarmusikken var ingenting att. Den musikken som fanst, var europeisk heimlandsmusikk. Her måtte noko gjerast.
Jeanette Thurber var ei rik kvinne som sette pengane sine inn på dette. I 1885 skipa ho National Conservatory of Music of America i New York. Dette konservatoriet skulle dyrke fram det amerikanske i kunsten.
I Europa hadde det då vakse fram ei rørsle som dyrka det lokale i musikken: Dvorák og Smetana i Bøhmen, Bartók og Kodaly i Ungarn, Sibelius i Finland, Grieg og Svendsen i Noreg.
I 1891 inviterte Jeanette Thurber Antonín Dvorák til å overta leiinga av denne institusjonen. Han måtte kunne gjere det same her som heime. Vilkåra var gode, løna var 50 prosent høgare enn den borgarmeisteren i New York hadde, og familien til Dvorák, ikkje minst mora, pressa han til å svare ja for å få orden på familieøkonomien.
Han var der i tre år, og leksikonet skriv at desse åra sette sterke spor i amerikansk musikkliv.
Han var interessert i lokal musikk her òg, spirituals og plantasjesongar. Denne musikken bygde han inn i sine eigne komposisjonar.
I 1893 komponerte han sin niande symfoni, Frå den nye verda. Han vart uroppført i New York og vart ein stor suksess. Seinare vart symfonien oppført i Boston, der sur kritikk kom til orde. Ein amerikansk komponist klaga over desse negermelodiane som var å finne i symfonien. Den afroamerikanske populasjonen var for liten til å bere ein eigen amerikansk musikk, meinte komponisten. Sosialdarwinistiske tankar kom til uttrykk i kritikken. Ein kvartett han laga, vart kalla Negerkvartetten.
Og i dag? I dag er USA ei musikalsk stormakt, først og fremst i populærmusikken. Jazzen er, som så mykje anna i musikken, eit amerikansk eksportprodukt. Louis Armstrong, Duke Ellington, Miles Davis og mange andre er verdsnamn. Rocken kjem frå USA, med namn som Elvis Presley. Popverda dyrkar Michael Jackson, og ungjenter verda over skrik til Justin Bieber.
Og på norske bedehus syng dei framleis sine songar til tonar av Ira D. Sankey og andre lågkyrkjelege amerikanske komponistar.
Fleire amerikanske komponistar er tekne inn det såkalla klassiske repertoaret i dei fine konsertsalane: Berlin, Gershwin, Coplan, Ives, Barber og mange fleire.
I amerikansk musikk bygde ein saman den afrikanske og den europeiske musikktradisjonen, der slavesongen og slavemusikken gjekk inn som berande element, i blues, ragtime, jazz og rock’n’roll. Og amerikansk musikk vart ein verdsartikkel.
I 1930–40-åra drog mange europeiske komponistar til USA og slo seg ned der av ulike grunnar: Rachmaninov, Stravinskij, Hindemith, Schönberg, Bartók og fleire. Det tok tid å utvikle ein eigen amerikansk musikk, tilsvarande det europearane hadde greidd heime hos seg sjølve på nokre hundreår.
Men dei kom då dei kom.
Og ein av hjelpesmennene var Antonín Dvorák.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.