Alt mogleg

Publisert

Er det mogleg å ha stor formue utan å ha mykje makt? I teorien er det vel mogleg, men vanleg er det ikkje. Det som derimot er vanleg, er å bruka orda mogleg, formue og makt utan å vita at dei er i ætt med kvarandre. Legg til orda måtta, mått og formå, so er nesten heile den norske greina av familien samla.

Verbet måtta (som i norrønt hadde infinitivsforma mega) og substantivet mått (‘makt, styrke’, norr. máttr) har vore lenge i landet. Sistnemnde er tolleg sjeldsynt, men i klassisk nynorsk hender det at både mått, måttug og samansetjingar som måttlaus kikar fram. Fleirtalet av oss nyttar helst makt (av lågtysk macht), og slik har det vore ei stund: I Norsk Ordbog (1873) opplyser Ivar Aasen at makt (landsmål magt) er ei nyare og vanlegare form enn mått. Verbet måtta står like støtt no som før, men tydinga har endra seg noko dei siste hundreåra. I norrønt tydde dette verbet ‘kunna, ha makt til; ha lov til’ (jf. dansk : «Må jeg få en is?» ‘Kan eg få ein is?’). Me kan framleis bruka ordet slik, jamfør desse seiemåtane frå Nynorskordboka: «Du må so seia.» (‘Du kan so seia.’) «Må eg koma inn?» (‘Kan eg koma inn?’) Men det er endå vanlegare å bruka måtta i den temmeleg nye tydinga ‘vera nøydd til’: «Du må stå opp.» «Eg måtte gjera det.»

Opphavet til alle desse orda er ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera i stand til, ha makt’. Denne rota ligg òg til grunn for det lågtyske verbet vormogen (ihopsett av det forsterkande førefestet vor og verbet mogen ‘kunna’), som i norsk har fått forma formå. Av vormogen kjem substantivet vormoge (eig. ‘det ein formår’), som hjå oss har vorte formue. Ordet mog(e)leg (seint norrønt möguligr) kjem òg av lågtysk mogen (‘kunna’). Dette adjektivet målber mellom anna at noko lèt seg gjennomføra: «Dei vil gjera minst mogleg og ha mest mogleg fri.» «Alt er mogleg!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement