Frå sjakkverda
Abe Turner
Abe Turner (1924–1962) mot Bobby Fischer (1943–2008).
Fotograf ukjend
Også ein einstøing som Bobby Fischer måtte ha litt menneskeleg kontakt. I ettertid har 20–30 amerikanarar kjempa om å vera den som stod Fischer nærast, som sjakkven eller medmenneske.
Ein som ikkje kunne ta del i det kapplaupet, er Abe Turner. Turner var ein godsleg og noko eksentrisk sjakkspelar. Han var langt meir harmlaus enn den internasjonale meisteren Raymond Weinstein, kameraten hans som i ung alder vart fengsla for drap.
Turner lærte sjakk seint, nitten år gamal, på eit krigssjukehus i 1943. Men han hadde positiv score mot Fischer (to sigrar og ein remis i seriøse parti i 1956–1958). Han levde som halvprofesjonell og vann småpengar i kafésjakk, der han hadde sine faste «klientar». Han kalla ein av New York-kafeane for «kontoret» sitt. I helgane trekte han seg attende og skreiv (saman med stormeister Larry Evans) absurde skodespel à la Ionesco med titlar som «Et hestar kjøt?»
Som spelar var Turner kjend for sitt «sitje-flesk», evna til å sitja tolmodig og venta på ein feil frå motstandaren.
Turner var ganske nøgd med livet. I ein spørjeleik på amerikansk TV med legendariske Johnny Carson vart han intervjua:
– Om eg miste 10 kilo, ville eg kunne slå kven som helst i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.