Å temje makta
Erdogan i Tyrkia driv valkamp for å skaffe seg stort nok fleirtal i nasjonalforsamlinga til å endre grunnlova til eige beste. Førebels går han vegen om val.
Foto: Lefteris Pitarakis/AP/NTB scanpix
Makt er nødvendig for at samfunn skal fungere og henge saman. Maktfrie samfunn finst ikkje. Edens hage var det siste av det slaget. Og det gjekk ikkje bra. Slangen sådde tvil om Guds gode ordning, og tvilen hadde makt til å endre alt. Makta dukka opp der også.
Så har det i all historie vore eit problem å halde den nødvendige makta i age, slik at ho ikkje breier seg ut over alt og tyner alt rundt seg. Tyrannen, med sin hunger etter å bli allmektig og einerådande, står alltid i utkanten og lurer. Tyrannane er mange i historia, og spora etter dei er stygge. Og makthavarar har det ved seg at mathugen veks medan dei et. Makta vil ha meir makt. «All makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt», sa den engelske politikaren lord Acton mot slutten av 1800-talet.
Hovudtanken bak grunnlover og konstitusjonar er å halde makta i age, å verne borgarane mot makta. Det er mange måtar å gjere det på. I våre samfunn har vi ordna oss slik at vi regelmessig vel dei som skal styre oss. Vi kontrollerer dei styrande gjennom val. Er vi misnøgde, byter vi dei ut. Kjem regjeringa på kant med den folkevalde forsamlinga, skaffar vi oss ei ny regjering. Makta sit ikkje trygt.
Ein metode som er mykje nytta i historia, er å tidsavgrense makta. Atens historie startar med noko som liknar eit kongedømme. Fyrsten, kongen, var konge på livstid. Så overtok adelen. Styringstida for kongen vart avkorta, først til ti år og til sist til eitt år. Og då var kongeembetet redusert til eit presteembete, ansvarleg for religiøse festar og prosesjonar. Embetsmenn kalla arkontar overtok. Av dei var det åtte, og kvar av dei hadde ei embetstid på to år. Ingen skulle få gro fast i embetet.
Roma, som Aten, var eit klassesamfunn. For å verne underklassen mot overgrep frå aristokratiet, valde dei årleg såkalla folketribunar. Dei var valde av folket, i såkalla folkeforsamlingar, og dei hadde stor makt. Dei hadde vetorett mot senatet og embetsmennene. Og valperioden var eitt år, avgrensa i tid. Dette var formalitetane. Realiteten var kanskje annleis. Då brørne Gracchus, folketribunar etter tur, ville gjere noko med eigedom og jord, vart dei begge ihelslegne.
Eit stridsspørsmål i europeiske kongedømme har vore kongens veg til kongesetet. Skulle kongen/keisaren veljast, eller var embetet – og makta – arveleg? Var riket eit valrike eller eit arverike? Om fyrsten skulle veljast, måtte det val, forhandlingar og røysteteljing til, med tilhøyrande røystekjøp. Og fyrsten som vart vald, måtte levere ei såkalla handfesting, der han lova både det eine og det andre, eit slag valprogram, som han var bunden til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.