Å temje makta
Erdogan i Tyrkia driv valkamp for å skaffe seg stort nok fleirtal i nasjonalforsamlinga til å endre grunnlova til eige beste. Førebels går han vegen om val.
Foto: Lefteris Pitarakis/AP/NTB scanpix
Makt er nødvendig for at samfunn skal fungere og henge saman. Maktfrie samfunn finst ikkje. Edens hage var det siste av det slaget. Og det gjekk ikkje bra. Slangen sådde tvil om Guds gode ordning, og tvilen hadde makt til å endre alt. Makta dukka opp der også.
Så har det i all historie vore eit problem å halde den nødvendige makta i age, slik at ho ikkje breier seg ut over alt og tyner alt rundt seg. Tyrannen, med sin hunger etter å bli allmektig og einerådande, står alltid i utkanten og lurer. Tyrannane er mange i historia, og spora etter dei er stygge. Og makthavarar har det ved seg at mathugen veks medan dei et. Makta vil ha meir makt. «All makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt», sa den engelske politikaren lord Acton mot slutten av 1800-talet.
Hovudtanken bak grunnlover og konstitusjonar er å halde makta i age, å verne borgarane mot makta. Det er mange måtar å gjere det på. I våre samfunn har vi ordna oss slik at vi regelmessig vel dei som skal styre oss. Vi kontrollerer dei styrande gjennom val. Er vi misnøgde, byter vi dei ut. Kjem regjeringa på kant med den folkevalde forsamlinga, skaffar vi oss ei ny regjering. Makta sit ikkje trygt.
Ein metode som er mykje nytta i historia, er å tidsavgrense makta. Atens historie startar med noko som liknar eit kongedømme. Fyrsten, kongen, var konge på livstid. Så overtok adelen. Styringstida for kongen vart avkorta, først til ti år og til sist til eitt år. Og då var kongeembetet redusert til eit presteembete, ansvarleg for religiøse festar og prosesjonar. Embetsmenn kalla arkontar overtok. Av dei var det åtte, og kvar av dei hadde ei embetstid på to år. Ingen skulle få gro fast i embetet.
Roma, som Aten, var eit klassesamfunn. For å verne underklassen mot overgrep frå aristokratiet, valde dei årleg såkalla folketribunar. Dei var valde av folket, i såkalla folkeforsamlingar, og dei hadde stor makt. Dei hadde vetorett mot senatet og embetsmennene. Og valperioden var eitt år, avgrensa i tid. Dette var formalitetane. Realiteten var kanskje annleis. Då brørne Gracchus, folketribunar etter tur, ville gjere noko med eigedom og jord, vart dei begge ihelslegne.
Eit stridsspørsmål i europeiske kongedømme har vore kongens veg til kongesetet. Skulle kongen/keisaren veljast, eller var embetet – og makta – arveleg? Var riket eit valrike eller eit arverike? Om fyrsten skulle veljast, måtte det val, forhandlingar og røysteteljing til, med tilhøyrande røystekjøp. Og fyrsten som vart vald, måtte levere ei såkalla handfesting, der han lova både det eine og det andre, eit slag valprogram, som han var bunden til.
Det tysk-romerske keisardømme var eit valrike. Valkollegiet var dei lokale fyrstane, dei såkalla kurfyrstane, som skulle kåre den nye keisaren. Historia om desse vala er full av soldatar og pengar, makt og korrupsjon. Kandidatane var mange.
Då eineveldet vart innført i Danmark-Noreg i 1660, vart kongeriket gjort til eit arverike. Då trong ikkje kongsmakta ta omsyn til noko valkollegium. Kongsmakta var absolutt, eineveldig. Hos oss varte det til 1814, då forsamlinga på Eidsvoll valde sin eigen konge, Christian Fredrik.
Valmonarkia er no borte. Alle kongedømme er arvelege, og kongane sit på livstid. Til gjengjeld er kongane reine gallionsfigurar, utan politisk makt.
Unntaket her er Vatikanet, vårt siste valrike, der kardinalane er veljarkorps, og der den valde paven sit på livstid.
Mange statar har reglar som avgrensar makta i tid. Franklin D. Roosevelt vart vald til president fire gonger, 1932, 1936, 1940 og 1944. Så vart reglane endra. I dag får ingen amerikansk president sitje meir enn to periodar. Barack Obama, som framleis er ein ung mann, som Bill Clinton var det, måtte pakke saman og forlate Det kvite huset. Presidenten skulle ikkje få gro fast i stolen.
Reglar som desse er uakseptable for diktatorane. Difor ser vi ofte at maktglade herrar går laus på slike tids- og maktavgrensingar med stor kraft. Å vandre ut av tronstolen er ein utåleleg tanke. Putin har endra grunnlova for å ordne sitt eige attval. Erdogan i Tyrkia driv valkamp for å skaffe seg stort nok fleirtal i nasjonalforsamlinga til å endre grunnlova til eige beste. Førebels går han vegen om val.
Historia er full av forsøk på å kontrollere og avgrense makta. Det er eit sisyfosarbeid, aldri avslutta. Den menneskelege hungeren etter den absolutte makta held stendig draumen om eineveldet ved like. Og framleis regjerer ulike einevelde over det meste av verda.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»