Frå historia
Å ta tempen
Den svenske astronomen og geofysikaren Anders Celsius (1701–1744) var med på å utvikle Celsius-temperaturskalaen, skriv Store norske leksikon.
Målarstykke av Olof Arenius
Om vi kjenner oss elendige, om vi frys eller sveittar, kan vi stikke ein liten pinne inn i øyret og få ut eit tal som fortel korleis det står til i kroppen vår. Talet skal vere 37 grader Celsius.
Dette talet, dette vesle instrumentet og denne skalaen har, også dei, gått ein lang veg i mennesketankens historie.
Korleis tala kom til, er av dei mange ting vi ikkje veit.
Den greske historikaren Herodot gjorde det enkelt. Tala kom frå Egypt, sa han.
Vanleg oppfatning i dag er at tala voks fram i den pytagoreiske skulen i Sør-Italia ca. 500 år f.Kr. Alt er tal, sa Pytagoras. Som Herodot var også han påverka av egyptisk tenking. Pytagorearane dreiv mykje med mystikk, okkultisme og talspekulasjonar. For dei var tal og harmoniske talforhold nøkkelen til å forstå verda og røyndommen. Tala kunne gripe og forklare ting i musikken og astronomien.
Så har tala brøyta seg inn i livet vårt, i alt vi driv med. Med sitt opphav i mystikk og okkultisme er dei blitt dei fremste vaktarane av presisjon og kalde fakta. Tal, gjerne som mange tal etter eit komma, fortel nøyaktig korleis tinga er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.