Å ta att trekket
Igor Guberman var i fangeleir i Sibir i fem år.
Foto: Imgsmail.ru
Når eg spelar simultan i fengselet, hender det ofte at motstandarane mine rører ei brikke utan å flytta henne, eller slepper brikka på eit felt og tek henne opp att. Eg lèt det passera. Men ein gong i fjor haust var det min tur: Ein stor, kraftig kar såg strengt på meg: «Rørt brikke går!» sa han. «Ah, så det er alvor no», skjøna eg. Eg konsentrerte meg ekstra om det partiet den kvelden.
Episoden får meg til å hugsa dei sjakkinteresserte russiske forfattarane som har vore internerte og kjenner miljøet. Varlam Sjalamov (1907–1982) er den mest kjende i sjangeren, med 17 år i den verste Stalin-leiren. Ein annan er Igor Guberman (f. 1936), som fekk fem år i Sibir i 1979 etter ei fabrikkert sak. Ei av historiene hans i ei memoarbok frå 2009 går – i stutte trekk – såleis:
«Ein ung fyr på knappe 20 år, Aljosja, arbeidde i straffeleiren. Han var stille og godhjerta og full av vyrdnad og kjærleik til meg. Eg kvidde meg for å spørja kvifor han hamna der. Éin gong fekk vi litt tid for oss sjølve ute på arbeidet. Vi sette frå oss hakker, økser, spadar og slikt og byrja spela sjakk. Han var mykje betre enn meg. Eg måtte stadig gjera om trekket mitt, men han var medgjerleg. Under partiet, medan eg lyfte opp ei brikke for å gjera om det siste trekket mitt, spurde eg endeleg kvifor han sat inne.
– For drap på ein god ven, sa han godlynt. – Alkohol? spurde eg automatisk. – Nei, vi drakk ikkje ei dråpe. Vi spela sjakk. Han dreiv og tok trekka attende. Som eit esel. Eg heldt det ikkje ut.
Eg slepte den tunge brikka attende der ho stod. – Ditt trekk, sa eg tappert, utan å sjå bort på arbeidsreiskapane. Vi spela vidare, røykte, diskuterte livet og naut samværet. Eg lærte Aljosja eit lite vers. Eg gjentok strofene for ein lukkeleg Aljosja medan eg tenkte omhyggeleg på dei neste trekka mine. Eg tok aldri meir att eit trekk.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.