Å skjøna teikningaVårteikna vert jamt fleire, og når solstrålane kjærteiknar dei bleike vinterkjakane våre, er det lett å visa teikn til glede. Me skal likevel ikkje setja likskapsteikn mellom vår og sumar. Våren kjem ofte i fylgje med ein kald trekk, og b
Vårteikna vert jamt fleire, og når solstrålane kjærteiknar dei bleike vinterkjakane våre, er det lett å visa teikn til glede. Me skal likevel ikkje setja likskapsteikn mellom vår og sumar. Våren kjem ofte i fylgje med ein kald trekk, og brått sit du der med rennande nase, feber og andre sjukdomsteikn. Ja, dette teiknar til å verta ei tekst full av teikn – og underteikna lovar å vera nøye med teiknsetjinga.
Me skulle kanskje ha venta at teikn var sterkt prega av alderdomsteikn, for det er eit gamalt ord me har med å gjera. I norsk finn me ordet i formene teikn (jf. norrønt teikn) og tegn (lånt frå dansk). Andre former av same ordet er svensk tecken, engelsk token, nederlandsk teken og tysk Zeichen. Teikn – og teikna – kan sporast attende til ei indoeuropeisk rot som òg har gjeve oss verbet te (‘visa (seg); fara fram’, til dømes «te nokon vegen», «te seg pent»). I den same familien finn me det engelske verbet teach, som har grunntydinga ‘visa, rettleia’.
Norrønt teikna vart stort sett nytta om å ‘gjeva teikn’ og ‘vera teikn for noko, tyda’. I dag brukar me teikna på ei rad andre måtar, til dømes om å skriva og laga bilete: «Eg teikna meg på lista.» «Kurset er fullteikna.» «Det finst mange nedteikningar av denne visa.» «Huset er arkitektteikna.» «So fin katt du har teikna!» Nokre har teikning som leveveg eller fritidssyssel, og her finst både kartteiknarar, serieteiknarar, karikaturteiknarar og reklameteiknarar. Det er visst òg mogleg å teikna med ord: «Rapporten teiknar eit dystert bilete av stoda.» Stundom er biletet rett og råkande, andre gonger er det forteikna (skeivt framstilt, rangt).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.