Å med og motDen norrøne kulturen vert gjerne framstilt som i overkant brutal, med eit renn av drap og valdtekter og morske heltar som støtt ordlegg seg barskt og bitande. Barske replikkar finst det mange av i litteraturen frå den tida, men dei er berre ei

Publisert Sist oppdatert

Den norrøne kulturen vert gjerne framstilt som i overkant brutal, med eit renn av drap og valdtekter og morske heltar som støtt ordlegg seg barskt og bitande. Barske replikkar finst det mange av i litteraturen frå den tida, men dei er berre ein flik av eit stort bilete. Dei norrøne føregjengarane våre verdsette mangslags språkbruk, frå innfløkte ordkunstar til fredeleg samrøde.

Sigurd Fåvnesbane vert ingen dugande helt gjennom våpenbruk åleine: Han må òg læra seg å handtera meir eller mindre pålitelege samtalepartnarar. Fosterfaren Regin eggjar Sigurd til å drepa ormen Fåvne, og då Fåvne har fått banesåret sitt, byrjar Sigurd og den døyande ormen å tala saman. Fåvne opnar med å spørja kven banemannen hans er. Sigurd vel å løyna namnet sitt, og Fåvne svarar med ein spitig kommentar. Då vert Sigurd vippa av pinnen, og så plumpar han ut med både namnet, ættetavla og bragdene sine. Fåvne spør så kven som eggja Sigurd til å ta livet hans. Sigurd nektar for at det finst nokon bakmann, og Fåvne kjem med ein ny spitig kommentar. Men denne gongen bit ikkje Sigurd på. Han har lært av mistaket sitt og røper ingenting. Gjennom ei rekkje slike samtalar tileignar han seg kunnskap og sosiale normer og vert ein retteleg mellomalderhelt, altså ein som sameinar fortitudo et sapientia, mot og visdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement