Teknologi
Å lagra for æva
Har du nokon gong sett korleis ei PDF-fil er bygd opp? No har du høve til å forstå verdas viktigaste filformat. For å skriva «Hello world!» krevst det litt koding, men det sikrar evig liv.
Det sit ein arkivar i sofaen min. Karin Gjelsten frå Bergen byarkiv les korrektur på Herman Tønnessens (1918–2001) bok Jeg velger sannheten. Ho finn dei feila den optiske gjenkjenninga har introdusert i prosessen frå bilete av boksidene til søkbar tekst.
Ho er snart ferdig, og eg spør ho korleis me kan sørgja for at boka får evig liv. Ho er jo trass alt arkivar.
– Det fyrste me må gjera, er å finna rett lagringsformat. Til dømes er Word-formatet du har brukt, ubrukeleg for langtidslagring. Det er ikkje standardisert, kan verta utdatert og for komplekst, seier ho.
– I arkivbransjen bruker me PDF/A. PDF er eit ikkje-proprietært filformat som er standardisert og tilgjengeleg for alle. A står for arkiv og betyr at fila er sjølvforsynt med det som trengst for å ta vare på innhaldet. Alt innhald er noggrant skildra for å kunna reproduserast slik det var, og det er ikkje mogleg å endra fila.
– PDF-format? Er ikkje det berre samansette bilete av einskildsider i eit dokument?
Karin ler så ho ristar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.