Sjakk
Å konfrontera juks
Med store sponsorpengar i potten konfronterte Irene Sukandar amatøren Kipas. 1,3 millionar indonesiarar følgde partia live.
Foto: YouTube
I norsk sjakk har ein lenge vore blind for juksing, men så kom Bjørnsen-saka for fem år sidan. Det vart ei lite hyggjeleg mediesak, der eg spela ei rolle som ikkje gav meg noka glede.
Kort fortalt, skjøna eg snøgt at den svaksynte hobbyspelaren juksa seg til triumfane sine. Det var nok å sjå på kvaliteten på trekka. Eg analyserte partia og rapporterte han til Norges Sjakkforbund i januar 2016, same kveld som han vann ei turnering på Fagernes med «umenneskeleg» godt spel. Etter ei lang soge vart han i mai 2018 ekskludert på livstid frå norsk sjakk.
I ein periode vart eg sitjande og lesa og kommentera meldingar og meiningar i hundretal kvar einaste dag. Sterke sjakkspelarar skjøna med ein gong at dette var datajuks, men korleis forklarer ein slikt til «vanlege folk» og journalistar?
Noko eg lærte av denne saka, var at juksarane sjølve avslører seg når dei pratar om sjakk. Dei skjønar ikkje kva dei pratar om. Den siste tida har eg byrja konfrontera juksarane direkte på internett. Lesaren tenkjer kan henda: «Kvifor er dette så viktig?» Nei, sjakk er ikkje så viktig. Men den vesle gleda sjakken gjev, er tufta på idealet om ærleg spel mellom to menneskehjernar. Eg møtte ein fyr frå Vietnam for nokre veker sidan. Han hadde spela 325 parti på rad – utan pause – gjennom 22 timar. Ja, det er umenneskeleg, men så hadde han jo ein robot som gjorde jobben. Han prata gjerne med meg om alt mogleg, men når eg spurde om sjakk, kunne han ikkje svara.
Den siste skandalen på Chess.com skaka opp ein heil nasjon: Indonesia. Ein amatør, Dewa Kipas, spela betre enn Carlsen og vart kasta ut av plattforma med 50 millionar medlemer. Dette skjer med fleire titusen juksarar kvar månad, men son til Kipas planta ei historie i sosiale medium om at ein vanleg indonesisk mann var offer for sjakkverdas elitisme og rasisme. Historia spreidde seg lynraskt, og kjende profilar på Chess.com byrja få dødstrugsmål og måtte blokkera all datatrafikk frå Indonesia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.