Å fange vinden
Mennesket har alltid nytta vinden, men tam har han ikkje blitt. Don Quijote–vindmølla: 0–1, skildra av Paul Gustave Louis Christophe Doré.
Rike samfunn bruker mykje energi. Energibruken er eit godt mål for rikdommen i eit samfunn.
Dagens rikdom kom ut av eit statisk samfunn som hadde vore stabilt og fattig lenge då ein lærte seg å løyse ut den enorme fossile energien som låg oppsamla i bakken. Kolet fyrte opp den industrielle revolusjonen, kvilande energi vart sett i arbeid, og rikdommen kom.
Så gjekk det slag i slag. I bakken låg det også olje og gass, viste det seg. Fossekrafta lét seg temje, og atomet måtte ut med løyndomane sine. Av alt dette vart det energi.
All denne energien vart henta ut av naturen, på ulikt vis.
Lenge var dette problemfritt. Naturen hadde med å levere det som menneska trong. Energitilgangen der var grenselaus. Her var det berre å ta for seg.
Denne sorglause energifråssinga er over. Den glade festen er erstatta av uro, med påfølgjande politisk strid. Framtida for fossilindustrien, også vår, er eit brennbart tema. Kolet, som starta festen, blir stempla som den store skurken. Atomkrafta, nykomaren av energileverandørane, har fått stygge riper i lakken. Tyskland stengjer atomkraftverka sine. Svenskane vurdere støtt om ikkje dei også skal gjere det. Mardøla og Stilla i Alta har hatt sine bitre aksjonar for å verne naturen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.