Dyr

Å dele bord med gråsporven

Gråsporv-hoa har mindre kontrastfull fjørdrakt enn hannen, med gråbeige hovud og kremkvit eller gulaktig augestripe.
Publisert Sist oppdatert

Vi ser dei stadig fyke forbi med digre brød- og kakesmular i nebbet. Tilhøvet mellom gråsporven og oss kallar biologar for kommensalisme. Omgrepet kjem frå mellomalderlatin commensalis, som bokstaveleg talt tyder «som et ved same bord».

Det var fyrst på 1870-talet ordet vart teke opp, eller gjeve nytt innhald, av biologar. Tilhøvet involverer to partar der ein kommensal forsyner seg frå ei matkjelde som er gjord tilgjengeleg av ein vert, utan at sistnemnde korkje får vinst eller skade av det, i evolusjonær forstand.

Det vitskaplege namnet til arten gråsporv er Passer domesticus. Domus tyder hus på latin: Gråsporvar held seg tett på menneskeleg busetjing og er vortne avhengige av den for å leve, både når det gjeld reirbygging (i holrom på bygningar) og næring.

I Noreg er den næraste slektningen hans pilfinken, Passer montanus, som sjølv om han vert kalla for fink, eigentleg er ein sporv. Dette kjem fram i dei fleste språk i dag, til og med på dansk, der pilfinken heiter skovspurv. Den pussige namneskilnaden som framleis finst på norsk og svensk, har truleg opphav i det faktumet at Carl von Linné tolka anatomiske likskapar mellom sporvar og finkar som eit uttrykk for slektskapstilhøve. DNA-undersøkingar har synt at desse to familiane ikkje er så nær i slekt som ein tidlegare trudde.

Både gråsporv og pilfink (det vil seie skovspurv) hekkar i holrom, og sosialt i form av koloniar. Pilfinken gjerne i tre, men også i bygningar eller rugekasser, gråsporven oftast i eller ved bygningar – i vegger, under tak, sjeldan i tre. Dei har svært lik kroppsfasong, og kan fort forvekslast i felt. Men hos gråsporven har kjønna tydeleg ulike fjørdrakter, medan dei ser heilt like ut hos pilfinken. Gråsporvhannen har grå overside på hovudet, svart augemaske og «smekke» og skjelmønster på brystet. Hoa har mindre kontrastfull fjørdrakt, med gråbeige hovud og kremkvit eller gulaktig augestripe. Hos pilfink har begge kjønn varmbrun overside på hovudet, og to nette, svarte flekker på kvite kinn.

Vi kjenner altså gråsporven som ein byskikkelse, men historia vår med han byrja utanfor byane. I Sentral-Asia finst det i dag ein bestand av gråsporv som skil seg ut frå andre gråsporvar. Medan dei vi kjenner, er standfuglar, et kultivert korn og annan menneskemat og kan få tre–fire kull i året, skyr dei sentralasiatiske gråsporvane menneske, trekkjer sørover om vinteren, et frø frå ville plantar og får berre fram eitt kull i året.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement