17. mai
Torvslaget 17. mai 1829 i Kristiania.
Illustrasjon: Literat Reimers/Nasjonalbiblioteket
Den 17. mai 1814 avslutta riksforsamlinga på Eidsvoll arbeidet sitt. Den dagen valde dei konge. Det stod strid om valet. Mange meinte at eit kongeval var uklokt. Det kunne provosere stormaktene, som hadde lova Noreg bort til Sverige. Fleirtalet vedtok då at alle måtte røyste ved kongevalet. Ingen fekk lov å la vere. Dei som då var mot å velje Christian Fredrik til konge der og då, vart tvinga til å røyste for. Så vart kongevalet samrøystes, under tvang og protestar.
17. mai vart ståande som fridomsdagen, og det kom snart tankar om å feire dagen. Det var Carl Johan sterkt imot. Han ville heller at dei skulle feire 4. november, då unionsavtalen vart underskriven i Moss.
For å få slutt på 17.-maifeiringa sende han rikets fremste mann, Balthazar Bogislaus von Platen, til Kristiania som statthaldar i Noreg. Statthaldarposten var rikets fremste stilling, nest kongen. Von Platen hadde akkurat fullført bygginga av Gøta kanal, det største byggeprosjektet i svensk historie. Statthaldarposten var løn for godt arbeid.
Nordmennene var vanskelege. Det ligg føre ei stor brevveksling mellom Carl Johan og von Platen, der von Platen klagar på nordmennene og vil reise heim. Det nektar Carl Johan. 17. mai 1827 bryt Torgslaget ut i Kristiania. Von Platen bruker militæret mot folket, og Henrik Wergeland får eit sabelrapp over ryggen. Det vart slutten på von Platens tid i Noreg. Forholdet til nordmennene var øydelagt. Han måtte reise heim, der han kunne sjå at Gøta kanal, hans storverk, vart utkonkurrert av den nye jernbanen. Von Platen døydde som ein ulukkeleg mann. Torgslaget vart starten på den organiserte norske 17.-maifeiringa.
I historia har 17. mai hatt to mektige fiendar. Carl Johan var den eine. Han tapte. Før unionstida var ute, i 1899, sende departementet ut eit rundskriv der det vart tilrådd å halde eiga gudsteneste 17. mai. Året etter kom det eigne utforma bønner og eigne preiketekstar for dagen. Unionskongen, Oscar II, måtte tole at høgare makter var med og feira fridomsdagen. Nederlaget var endeleg.
Neste slaget om 17. mai stod i aprildagane 1940. Landet var okkupert, og Quisling hadde overtatt regjeringsmakta. Quisling og folka hans ville også overta 17. mai og gjere dagen til sin dag. I ei bok fortel Ernst Båsland om dette; dei hevda til og med at NS vart skipa 17. mai, trass i at historia seier at partiet vart grunnlagt 13. mai 1933. I ein tale slår Quisling fast: «Jeg så en dyp mening i at den bevegelse som skulle bære fram den ny tid i Norge, trådte offentlig og organisert fram nettopp på denne dag». Det var altså løgn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.