Frå sjakkverda

100 år med sjakkfeber

«Sjakkfeber» frå 1925 med Capablancas lure smil og paret som skal gifta seg.
Publisert Sist oppdatert

Det sovjetiske sjakkeventyret byrja for alvor i desember 1925. Den 8. desember vart siste runde spela i den fyrste store internasjonale turneringa i Moskva. Moskovittane var heilt sjakkgalne og gjekk mann av huse. Regissørduoen Pudovkin og Sjpikovskij filma nokre scener frå turneringa – med verdsstjerner og eit publikumshysteri sjakkverda aldri har sett maken til. Dei nytta scenene i komedien «Sjakkfeber», den fyrste sjakkfilmen i historia, som hadde premiere 21. desember 1925. Det tok ikkje lang tid å laga ein halvtimes stumfilm den gongen!

Mykje av handlinga er utandørs, i skikkeleg Moskva-vinter med masse snø og barske sjakk­analysar i kulda. Eg skjønar at publikum lo godt, men temaet er alvorleg nok for sjakkfanatikarar som meg: Ein mann, ein russisk Buster Keaton-figur, er så hekta på sjakk at han gløymer brura… Den djupt ulykkelege brura hatar sjakk og fortviler over at ho er åleine i verda om sjakkhatet. Ho møter sjakkfeber kvar ho enn går. Jamvel hos den sjakkgalne apotekaren, dit ho kjem for å kjøpa gift og gjera slutt på livet, får ho pakka inn ei sjakkdronning i staden for giftflaska.

Lukka snur når ho møter den cubanske verdsmeisteren José Raúl Capablanca, som spelar seg sjølv i ei herleg scene. Capablanca var kjend for ein flørtande stil og fortel kvinna, med skjelmsk smil, at han òg «hatar sjakk». Han må ha lurt henne inn i sjakkvarmen, for like etter er ho kurert for sjakkhatet. Sjakkfeberen sigrar!

Faktisk medverka filmen til endå meir sjakkfeber i Sovjet, det einaste landet der sjakk også var ein del av populærkulturen. Slik gjekk det slag i slag, som vi veit, heilt fram til oppløysinga av unionen i 1991.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement