JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

🎧 Yoghurt

Det bør ikkje vere naudsynt med forstørringsglas for å velje norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Yoghurten er populær, men kor kjem han eigentleg frå?

Foto: Pxhere.com

4094
20201016
4094
20201016

Lytt til artikkelen:

Problemstillinga vår denne veka byrjar eigentleg ikkje i yoghurthylla i det heile. Nei, ho byrjar med ein pakke kjøtdeig – eller, for å vere meir nøyaktig, to pakkar kjøtdeig som såg heilt like ut, men hadde heilt ulikt innhald: to pakkar kjøtdeig på Norgesgruppens butikkar der den eine inneheldt kjøt frå Noreg, medan den andre inneheldt kjøt frå Tyskland. Den einaste måten å sjå skilnad på var at det etter «Opprinnelse» stod «Norge» med lita skrift på den eine og «Tyskland» med lita skrift på den andre.

For å gjere ei lang historie kort: Det vart ein del bråk om desse to kjøtdeigpakkane. Opp til fleire senterpartipolitikarar hissa seg opp, og endå fleire bønder og kanskje overraskande mange forbrukarar. Og dei ansvarlege, som altså var daglegvarekonsernet Norgesgruppen, måtte ut og sløkke brannen, sidan kjøtdeigen var ein del av ein serie med eigne merkevarer som dei sjølve står til ansvar for produksjonen av.

13 milliardar kroner

Og spør du meg, er det ikkje særleg mykje å seie på det. Det går trass alt minst 13 milliardar offentlege kroner til å halde oppe matproduksjonen i Noreg kvart år, og norsk mat er ei av dei sterkaste merkevarene vi har: Minst 80 prosent av dei norske forbrukarane synest det er viktig å halde på matproduksjonen i landet vårt, og den enklaste og truleg beste måten vi kan syne dette på, er gjennom å kjøpe norske matvarer der dei er tilgjengelege.

Kanskje tenkjer vi til og med at mat ikkje bør reise meir enn naudsynt, i desse tider. Då kan ein jo kaste ein tanke på at kring 40 prosent av forsetelen til norske kyr er kraftfôr, og kring halvparten av fôret til desse dyra er importert – koronarestriksjonar eller ikkje koronarestriksjonar.

Dette er det likevel lite å gjere med for dei fleste av oss. Om vi importerer produkta frå eit anna europeisk land, er det mykje truleg at dei kyrne har ete minst like mykje importert kraftfôr som dei norske.

 Men så er det så at om det no var kjøtdeig som fekk merksemd i denne runden, er det langt frå berre kjøtdeig som burde få merksemd for å vere litt for dårleg merkt. Og det er nett difor vi no tek turen over til yoghurthylla.

Global yoghurthylle

Yoghurthylla har etter kvart vorte innhaldsrik. Nettbutikken til Rema 1000, Kolonial.no, gjev meg 195 treff på eit yoghurtsøk, og sjølv om nokre av sidene handlar om yoghurtnøtter og mysli, er utvalet stort. Også her trakkar Norgesgruppen over: Eldorado-yoghurten Yo’Go er produsert i Tsjekkia, utan at det synest anna enn med lita skrift nedst på innhaldsmerkinga.

Størst er Tine, og der er opphavet greitt: Alle Tine-merkte produkt er norske, basert på norsk mjølk. Nokre yoghurtmerke er endåtil norskare enn dei ser ut som: Yoplait er ein fransk yoghurtvariant, men vert produsert på lisens av samvirkeeigde Fjordland, som difor tek produksjonen i Noreg, med norsk mjølk.

Andre igjen er så openbert utanlandske at det nesten seier seg sjølv, men likevel er det truleg mange som ikkje veit at Danone, som mellom anna står bak barneserien Danonino og vaksenvarianten Activia, er eit globalt matkonsern med 100.000 tilsette i 55 land, men ingen i Noreg.

Så har vi Synnøve Finden, som produserer den – i mangel av eit betre ord – tradisjonelle yoghurten sin i Noreg, medan dei hentar den greske yoghurten sin i Hellas. Verst er Q-Meieriene.

Q-Meieriene er kanskje mest kjende for Skyr – yoghurtvarianten dei har knabba frå Island. Skyr produserer dei på norsk mjølk. Det gjer dei òg med frukostyoghurten dei sel på pose. Men barneyoghurten, derimot, den med det fargerike strøet på toppen, er, av ein eller annan grunn, henta i Tyskland. Det burde Q-Meieriene ha ryggrad nok til å skrive med store bokstavar, spør du meg.

For å slå éin ting fast til slutt: Dette er fullstendig lovleg. Merkeforskrifta krev ikkje meir enn at opphavslandet er oppgjeve. Det vi stiller spørsmål ved, er om det er rett at forbrukarar skal måtte ha med seg ekstra sterke briller for å finne ut kva land produktet dei kjøper, er produsert i.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Verst er Q-Meieriene.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis