¿ Trollbunde tungeband

Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Ordtaket seier at «d’er fåfengt å binda om banesåret», og banesår (av norr. bani ‘daude’) kan me lett få dersom me prøver å bakbinda muskelbuntane i forbrytarbandane. Bokbinding og blomebinding er tryggare slik sett, men dei som har ein ubendig trong til å basta og binda bandemedlemer, greier vel ikkje å leggja band på seg, same kva me lokkar med.

Bindelekken mellom mange av orda ovanfor er arveordet binda. Frå dette gamle, sterke verbet kjem ord som band (jf. kornband, samband, bandtvang), binding (skibinding, bindingsverk), benda, bunt, band (rockeband), ubendig (eig. ‘ikkje fastbunden’), binders, bunding, bandasje og sistelekken i forbund. Det ser ut til at bås òg høyrer heime her: I fyrstninga vart bås truleg nytta om sjølve tjoret, det som dyret er bunde fast med, og so har det etter kvart vorte nytta om staden dyret står fastbunde. Band i tydinga ‘(musikk)gruppe’ har kome inn i moderne norsk frå engelsk, som fekk det frå mellomfransk på 1400-talet, men ordet er opphavleg germansk og runne av same rota som band (‘snor, reip’). Band (‘gruppe’) og bande er i utgangspunktet same ordet, og det kan ha hatt grunntydinga ‘flokk under same hærmerket’.

I mange tilfelle er det gagnleg med band og bindingar. Me treng å knyta venskapsband med nokon, og det er ofte bra å binda om eit sår. Bindande avtalar er stundom det beste. Menstruasjonsbind kjem òg godt med. Mors- og farsbindinga bør likevel ikkje vera for sterk, og det er ikkje noko gildt å vera bunden til sjukesenga i all æve. Det som bind oss, hindrar oss på noko vis, og når me er bundne på hender og føter, er det lite me kan gjera. Dei som er trælbundne av klokka, får kanskje gjort mykje, men det er ikkje visst at dei har glede av det. Det norrøne substantivet bindendi vart nytta i tydinga ‘fråhald, askese’, og koplinga mellom binding og sjølvtukt finn me att i ordlaget «leggja band på seg».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement