¿ Talande togn

Publisert

Lytt til artikkelen:

«Barnet lærer snarare å tala enn å teia», seier ordtaket, og det er ikkje alle vaksne som meistrar teiekunsten heller. Nokre har teieskyldnad eller teieplikt og vert refste om dei bryt føresegnene. Andre kan tala fritt, men vel like fullt å teia med det dei inst inne har hug til å seia. Ofte er det dei retteleg vonde sakene me freistar teia ned eller teia i hel: «Små sorger talar, dei store teier.»

Samfunn flest held seg med normer og reglar for talen. Di meir formelle samkomene er, di strengare plar reglane vera. Det er òg vanleg at reglane ymsar alt etter rang og makttilhøve. Di meir makt, di meir taletid. Kvinner og born har tidt vore nøydde til å teia seg, og det same gjeld karar langt nede på rangstigen: «Tola og teia er vesalmanns rett.» Når me lyt teia, får me ikkje mælt imot talaren, og det er just poenget. Då ser det heile ut til å vera ei stillteiande semje, jamfør dette velkjende ordtaket: «Den som teier, samtykkjer.»

Teia er eit arveord som er registrert i mange av dei gamle germanske måla, til dømes gotisk, gamalhøgtysk og gamalsaksisk. I dag vert det berre nytta i dei nordiske måla. Den nynorske forma teia med bøyingsmønsteret teier–tagde–tagt går beint attende til norrønt og ligg nær den islandske og færøyske forma, medan bokmålsforma tie (tier–tiet/tidde–tiet/tidd) kjem frå dansk. I svensk har verbet (inf. tiga) fått sterk bøying: tiger–teg–tigit. Ord som tagal, tagna, togn, tagmild og tagga (‘få til å teia’, t.d. «tagga barnet», «tagga sauene med høy») er i nær familie med teia. Det same kan me seia om adjektivet taus, som er kome til oss frå dansk. Teia er dessutan i ætt med det latinske verbet tacere (‘teia’) og adjektivet tacitus (‘tagal’), som jamvel har vore nytta som personnamn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement