¿ Smilande vêr

Publisert

Lytt til artikkelen:

Når lukka smiler, er det lett å draga på smilebandet og sovna med ein smil om munnen. Me vert rett og slett ein einaste stor smil. Eit liv med mykje smiling kan gjeva oss smilerukker kring augo, men det hender at me smiler utan at augo er med. Folk som har vore på smilekurs og lært korleis dei skal ta imot kundar, greier kanskje å smila varmt med vilje, men det er som oftast berre munnen som er med på viljessmilen. Slike smilar er ikkje retteleg varme.

Me lærer å smila lenge før me lærer ordet smila, og me er ikkje so gamle når me lærer at det å seia «smil», til dømes når me vert fotograferte, skaper ei smileliknande mine. Men kor gamalt er smila? Det veit me ikkje. Smila sit vel berre og smiler i skjegget når granskarane saumfer dei eldste germanske måla utan å sjå snurten av ordet. Granskarane meiner like fullt at smila er eit nedervt verb, og me finn det mellom anna i svensk (smila), dansk (smile), færøysk (smíla) og engelsk (smile, som kan vera lånt frå nordisk). Islendingane seier helst brosa, eit ord me òg finn i færøysk og norrønt. Me skal heller ikkje gløyma le, som lenge har vore nytta i tydinga ‘smila’.

Psykologane skil mellom sosiale eller vilkårlege smilar (d.e. at me smiler med vilje) og spontane eller uvilkårlege smilar (d.e. at me smiler fordi me berre må). Me kan kategorisera og skildra smilar på andre måtar òg. Me kan til dømes seia at nokon smiler breitt, blidt, blygt, søtt, vent, lurt, trist, mildt, hånleg, kaldt eller sorgtungt. Sameleis kan smilen vera brei, stor, liten, stram, lur, sår, varsam, venleg, nervøs og so bortetter. Ordet augursmil kan me òg bruka. Det tyder ‘smil mellom innvigde’ (av augur ‘innvigd person’, eig. ‘fugletydar, teikntydar’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement