🎧 Økonomane dukkar opp
Den førande tenkjaren for fysiokratane som først fekk nemninga økonomar, var Francois Quesnay (1694–1774). Målarstykke av Heinz Rieter.
Lytt til artikkelen:
Når kunnskapen veks, krev han meir plass. Moderne universitet, som også vesle Noreg har fått fleire av, er svære bygningskompleks. Der har dei ulike faga fått tildelt sin plass og sine rom. Og faga blir fleire og fleire. Nye kjem til, og gamle fag deler seg. Bygningsmassen aukar.
Universitetsbygningane i Oslo sentrum er nesten gripande å sjå på. Her skapte ein fattig nasjon rom for det som var av vitskap i landet, mest medisin, jus og teologi. Universitetet skulle skaffe den nye staten embetsmenn, i dei tre bygningane øvst i Karl Johan. Det var eit stort og dyrt løft.
I dag er dette heroisk historie om eit vågalt prosjekt i ei usikker og farleg tid. No har faga og kunnskapen eksplodert. Kor mange fag som finst ved norske universitet, er det knapt nokon som veit. Mange av faga er svært unge og nye.
Ein slik nykomar er økonomifaget. No myldrar økonomane rundt oss. Dei sit tett i næringsliv og organisasjonar, dei legg grunnlaget til rette for lønnsoppgjer, pensjonsordningar, statsbudsjett og rentenivå. Kort sagt: Dei har hendene inne i dagane våre, helg og kvardag. Men dei er nykomarar. Økonomi som nemning for eit fag dukka opp i det engelske språket først på 1800-talet. Amerikanarane fekk sitt økonomiske selskap i 1885, engelskmennene i 1890. Økonomi vart eige fag ved universitetet i Kristiania i 1905, under namnet statsøkonomi. Og no er det økonomiutdanning nesten kvar som helst. Og økonomane er av ulikt slag, med ulike namn: siviløkonomar, bedriftsøkonomar, statsøkonomar og meir til. Og nordmenn har til og med raska med seg eit par nobelprisar i faget.
Men det starta stussleg. Dei som først sette plogen i jord og som i dag har ein ærefull plass i økonomiens historie, var alle amatørar som i grunnen stelte med noko anna enn økonomi. Faget fanst ikkje, og nokon måtte skape det. Den store Adam Smith hadde klassisk utdanning, gresk og latin. David Ricardo, ei anna kjempe i klassisk økonomi, var forretningsmann. John Stuart Mill, sentral i faget, var embetsmann, og Karl Marx var journalist.
Dei som først fekk nemninga økonomar, ser ut til å ha vore dei franske fysiokratane. Deira førande tenkjar var Francois Quesnay. Han var livlege hos Ludvig XV midt på 1700-talet og var henta til hoffet av Madame de Pompadour. Som sekstiåring hadde han, som amatør, byrja å interessere seg for økonomi. Han vart kongens rådgjevar og ekspert.
Quesnay var inspirert av Isaac Newton, som eit hundreår før hadde formulert lovene for den fysiske verda, gravitasjon og mekanikk. Han meinte det måtte finnast liknande naturlover for økonomi og anna samfunnsliv. Difor vart dei kalla fysiokratar, etter det greske ordet fysis, natur.
I 1758 gav han ut boka Tableau économique. Der prøvde han å bruke Newtons metode på samfunnskreftene. Her lanserte han ei mengd nye omgrep, om kapital, sparing og investering, som kom til få eit varig liv i det nye faget. I matematisk form skildra han korleis inntektene strøymde mellom klassane i samfunnet. Og jordbruket var den einaste næringa som skapte verdiar, fordi ho hadde naturen som medarbeidar. Andre næringar, som ikkje hadde det, kalla han sterile.
Og målet var det Quesnay kalla det best mogelege samfunnet. Og det var det produksjonen som måtte skape, ikkje handelen, slik rådande lære var.
Men det var altså naturen og naturlovene som måtte styre. Det vil seie at dei statlege styringsinstrumenta, som reguleringar, privilegia og monopol måtte bort. Næringslivet måtte få vere i fred for klåfingra statshender, meinte fysiokratane.
Kongen spurde ein gong Quesnay kva han ville gjere om han var konge. «Ingenting», var svaret. «Og kven skal styre då», spurde kongen. «Naturen», var svaret. Når fysiokratien var gjennomført, ville det openbert beste samfunnet vere på plass.
Så enkelt viste dette seg ikkje å vere. Om fysiokratien skulle gjennomførast, ville mange etablerte interesser bli utfordra og gjere motstand. Og då trongst det ei sterk og konsentrert regjeringsmakt for å gjennomføre nødvendige endringar, ein sterk stat, med andre ord. Ein av fysiokratane lanserte omgrepet despotisme légal, eit einevelde som styrer etter naturlovene.
Fysiokraten A.R.J. Turgot vart fransk finansminister og prøvde teorien ved å oppheve all regulering på kornhandelen. Det enda i katastrofe, ein mjølkrig i Paris. Kåre Tønnesson skriv om dette i sitt band av Aschehougs verdshistorie.
Fysiokratane var først med mykje i økonomifaget, men med tida kom dei i skuggen av den engelske liberalismen, med Adam Smith og elevane hans som faneberarar.
Økonomifaget hadde ein vanskeleg fødsel. Men barnet voks til, og økonomane fekk langt på veg den makta Quesnay drøymde om. Men Newton og naturen fekk ingen plass i alle dei økonomiske maktsentera som grodde fram rundt oss. Ikkje Quesnay heller.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.