Musikk
Kunnskap med eldhug
Barokkfiolinisten Gottfried von der Goltz veit kva det er han spelar.

Eg har ofte høyrt på meisterklassar på musikkhøgskular og i intervju med kjende musikarar at klassisk musikk må framførast med hjarta og ikkje med hjernen. Felles for dei som hevdar slikt, er ofte at dei har stort hjarta og litt mindre hjerne. Sant nok kjem ein utøvar godt ifrå dei fleste framføringssituasjonar om han berre har god nok teknikk og innleving. Men lyttar me til dei beste tolkingane av klassisk musikk, merkar me at intellektet til kunstnaren spelar ei avgjerande rolle for den kunstnarlege heilskapen i det klingande resultatet.
Då eg sette denne nye CD-en i spelaren, der barokkfiolinisten Gottfried von der Goltz spelar italienske barokksonatar, fekk eg den sjeldne opplevinga av at utøvaren verkeleg fullt ut skjønar det han spelar: Han skjønar kvifor komponisten har valt å komponera slik han gjer, og spelar difor med og ikkje mot intensjonane til komponisten. Sistnemnde opplever eg alt for ofte, særleg i framføringa av musikk frå 1700-talet – ikkje på grunn av at utøvaren medvite opponerer mot intensjonane til komponisten, men av di han ikkje forstår dei.
Lærestykke
Musikken på plata vekkjer i seg sjølv interesse: Von der Goltz, som er son av den norske konsertpianisten Kirsti Hjort, kjem her med ei fyrsteinnspeling av musikkstykka i Francesco Geminianis viktige instruksjonsbok i fiolinspel, The Art of Playing on the Violin (London 1756). Fiolinvirtuosen Geminiani var ingen kven som helst: Komponistkoryfeane Allesandro Scarlatti og Arcangelo Corelli var lærarane hans. Og på turneane gjennom Europa blei han akkompagnert av si tids beste musikarar – i London til dømes av ingen ringare enn Georg Friedrich Händel.
Strengt teke er dei innspelte stykka berre «notedøme». Har slike i det heile ein kunstnarleg verdi? Ja, dei einskilde småsatsane maktar å stå på å eigne bein. Sidan dei nettopp er meinte som døme, er dei svært ulike kvarandre komposisjonsteknisk og stilistisk, og ditto avvekslingsrike å lytta til. Høyr for eksempel på Geminianis tredje notedøme, det han kallar «Composition No. 1. Allegro». Her syner han korleis ein skriv i det me kallar «komplementærrytmisk stil», altså slik at det alltid er rørsle i notebiletet – om soloinstrumentet har ein lang note eller ein pause, fyller bassen ut tomrommet med snøgge notar, og vice versa.
Rett og gale
Slikt skjønar von der Goltz. Han har studert dei historiske komposisjonsmåtane, og veit difor kva tid han sjølv er midtpunkt for det musikalske forlaupet, og kva tid akkompagnementet skal vera i fokus. Akkompagnementet blir elles lekkert utført, mellom anna av nordmannen Thomas Boysen på lutt. Det er summen av slike små raffinessar som gjer innspelinga så framifrå.
Kva så med hjartet, tenkjer du kanskje, kva plass har det i spelet til von der Goltz? At han er djupt hugteken i musikken han spelar, merkar ein i kvar frase. Men ulikt mange andre musikarar som spelar tilsvarande musikk, plasserer von der Goltz dei ulike kjensleuttrykka på dei rette stadane. Og ja: I 1700-talets musikk finst der rett og gale. Det fortel alle kjelder oss. Kunnskap om musikk går ganske enkelt ikkje på kostnad av kjærleik til musikk.