JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Vinje som utveg

Det var dåmen i Vinjes dikt som hjelpte Grieg ut or si tyngste kompositoriske krise, fortel musikkvitar Arvid O. Vollsnes.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Edvard Grieg (1843–1907) på fjelltur på Løvstakken utanfor Bergen kring 1900.

Foto: Bergen offentlege bibliotek / Griegsamlingen

7152
20190301
7152
20190301

Musikk

sjurhabring@gmail.com

Den store «udugelighetsperioden», kalla Edvard Grieg dei to åra frå 1878 då han ikkje komponerte eitt einaste verk og frykta at den kunstnarlege åra hans var uttørka for alltid. Men det kom ein ny vår: Då han i slutten av april 1880 vende heim til Bergen frå kontinentet, brast inspirasjonen atter råker i den isen som så lenge hadde bunde han kunstnarleg og eksistensielt.

Med Aasmund Olavsson Vinjes Diktsamling frå 1864 i hende sette han seg på kvistrommet hjå bror sin i Strandgaten, der han på berre åtte dagar skapte 13 stykke for song og klaver – det komplette originalmanuskriptet er dagsett «Bergen 20/5/80». Songane, som kom på prent i København under tittelen Tolv Melodier til Digte af A. O. Vinje, opus 33, er blitt ståande som noko av det gjævaste me har etter Grieg.

Ny utgåve

«Der er nogle Ting deri, hvori mit Hjerteblod pibler frem» og «de var fylt av den dypeste livsvisdom», skreiv Grieg om Vinje-dikta. Det er den kunstnarlege symbiosen mellom diktaren og tonesetjaren den nye, rikt
illustrerte boka Dikt med melodiar av Edvard Grieg er vigd. Her er dikta trykte side om side med faksimilar av notane frå fyrsteutgåva av Griegs songar.

Som føreord og etterord – eller preludium og postludium, om me skal halda oss til musikalsk nemningsbruk – finst her to essay: det fyrste av Jørgen Magnus Sejersted, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, det andre av Arvid O. Vollsnes, professor emeritus i musikkvitskap ved Universiteta i Oslo og Bergen.

Attende til naturen

– Arvid O. Vollsnes, då Grieg sette seg ned med poesien til Vinje, opplevde han det Ludvig Holberg ville ha kalla ein «poetisk raptus». Kva var det som gjorde han så oppglødd?

– Det var atmosfæren, dei mangfaldige naturskildringane, som Grieg, midt i den moderne samtida, blei teken attende til. Dette utløyste skapartrongen. Noko liknande hende eit drygt tiår seinare, då han fekk dikta til ein annan landsmålsdiktar i hende, nemleg Haugtussa av Arne Garborg. Men då tok prosessen litt lengre tid.

– Kva er karakteristisk med Vinje-songane?

– Når det gjeld den musikalske oppbygginga, er dei så enkle som ein kan tenkja seg. Dei fleste er haldne i såkalla strofisk form, altså med same melodi til alle strofene i diktet; dette understrekar tilknytinga til det folkelege. Til grunn ligg Vinjes naturskildringar og -stemningar, med parallellar til dei menneskelege kjenslene, og tanken på og søkinga etter fridomen, det å vera eit uavhengig menneske og vandra fritt i eit stort, uendeleg landskap.

– Grieg hadde søkt etter dette i åra fram mot 1880, då han vekselvis hadde levd i kunstnarleg einsemd i Hardanger og opplevd det pulserande storbylivet i Europa; sistnemnde gav han òg ei fridomskjensle, og han sette seg føre å reformera musikklivet i Noreg ved å bringa det europeiske heim.

– Med Vinje-songane fann han fram til ei anna fridomskjensle, knytt til det nære og kjende. Skrivesperra forsvann.

Nasjonal kosmopolitt

– Korleis vil du skildra tilhøvet hans til landsmålet?

– Grieg var ein stor tilhengar. Alt i 1866 tonesette han for fyrste gong ein tekst på landsmål, nemleg Kristoffer Jansons «Vesle Gut». Han hadde nær kontakt med bergensborgarane i Vestmannalaget, med venen og Bergens Tidende-redaktøren Olav Lofthus, som var initiativtakar då Vestmannalaget blei skipa i 1868. Folkemålet var noko ekte for han, noko genuint som kom til uttrykk hjå Vinje.

– Korleis var tilhøvet mellom natur og nasjon hjå Grieg?

– Han meinte naturkjensla og nasjonskjensla hang svært tett saman. Men norsk natur er jo mangfaldig; naturen kring Bergen var så ulik den keisame, langsame naturen han opplevde i skogane på Austlandet. Så han drog heller om Telemark når han skulle austover, for naturen der var nærare vestlandsnaturen, ja, meir norsk i hans augo.

– Han kan seiast å ha vore ein nasjonal patriot, men ingen sjåvinist. Sjølv kalla han seg nasjonal kosmopolitt. Grieg såg sin eigen nasjon som eit folk i ei geografisk eining av autentisk, «vill» natur, med sams språk, kultur og røynsler og sams oppleving av soga og det som låg til grunn for samfunnet. Nasjonen var fødd av naturen, han var ikkje konstruert eller skapt av nokon ut frå eit visst siktemål eller ein styrande vilje.

Mytiske Vinje

– Korleis kom Grieg i kontakt med diktinga til Vinje?

– Mange av dikta blei prenta i avisene frå 1860-åra og framover, så dei må ha vore ei slags felleseige. Etter at Vinje døydde i 1870, blei han trekt fram i stadig nye samanhengar og blei ein nærast mytisk person. Diktsamling frå 1864 kjøpte Grieg i 1880, éin månad før brorparten av Vinje-songane blei til.

– Skjøna Grieg, med sin borgarleg-urbane bakgrunn, alltid innhaldet i Vinjes dikt?

– Det kan ein stundom lura på, men stemninga treffer han i alle fall. Det merkar me på måten han målar ut einskildord musikalsk, altså komponerer stemningsfulle utbroderingar av teksten.

– Kjem Vinjes vidgjetne tvisyn til uttrykk i musikken?

– Ikkje direkte. Men av og til lagar Grieg akkordar som går på tvers av tekstinnhaldet, og somme klaverforspel svarar ikkje heilt til resten av stykket. Han kjem på sett og vis med kommentarar i klaverstemma som kan sjåast på som eit tvisyn i høve til teksten og songmelodien.

Grieg nøgd

– Vinje la seg formalt tett opptil folkediktinga i dikta sine. Griegs songar står i ein klassisk-romantisk tradisjon, men finn me òg spor av norsk folkemusikk i dei?

– Somme stadar er der rytmiske teikn til springdans, og andre stadar melodisk-ornamentale vendingar med folkemusikalsk let. Dette gjeld særleg i klaverstemma. Songane er ei utvida forståing av den klassiske tradisjonen etter komponistane Franz Schubert, Robert Schumann og ikkje minst Hugo Wolf, Griegs samtidige, som han var svært oppteken av.

– Grieg var ein særs sjølvkritisk tonekunstar. Kor nøgd var han med Vinje-songane?

– Han framførte dei mykje, òg saman med kona Nina, som var sopran og kjend som ein ypparleg tolkar av Edvards songar. At han arrangerte dei for andre instrument òg, mellom anna i form av «songar utan ord» for klaver åleine, tyder på at han likte dei.

Tre favorittar

– Har du tre favorittar mellom Vinje-songane?

– Eg har stor sans for «Langs ei Aa», som er henta frå Ferdaminne. Han er så varsamt og så vakkert sett opp. Og så er det «Ved Rundarne», den òg frå Ferdaminne, som Grieg sjølv sette høgt og arrangerte for damekor, slik at fleire kunne framføra han. Denne songen er så gjennomført: på den eine sida enkel, på den andre sida omhyggjeleg samansett når det gjeld stemmeføring. Den musikalske tolkinga av teksten er framifrå.

– Og ikkje minst «Fyremål», som er henta frå Vinjes veke­avis Dølen. Dette er det mest filosofiske av dikta, som uttrykkjer otten for korleis det skal gå med oss i verda. Slikt gjekk rett inn i Griegs tankeverd, han som streva slik med det moderne. I songen klarar Grieg å gje musikalsk uttrykk for dette.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Grieg var ein nasjonal patriot, men ingen sjåvinist. Sjølv kalla han seg nasjonal kosmopolitt.

Arvid O. Vollsnes, professor

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis