Diktet
«Via NRK vart heile landet kjent med den lune stemma og tekstane til Alf Prøysen»
Foto: NTB
Alf Prøysen (1914–1970) var husmannsguten frå Rudshøgda ved Hamar som fekk ein heilt spesiell plass i kongeriket. Via NRK vart heile landet kjent med den lune stemma og tekstane hans. Tekstar som i byrjinga skildra Hedemarken, men etter kvart femna heile landet.
Det er få norske diktarar det er skrive så mykje om som Prøysen. Vidar Sandbeck, ein diktar av same støyping, er til dømes lite dokumentert av uviss årsak...? Når det gjeld Prøysen, finst det biografiar, masteroppgåver og mange artiklar. Visetekstane er grundig analyserte, men analysar av melodiane og det musikalske er det lite av. Og det er ikkje overraskande, for Prøysen laga ikkje melodiane. Prøysen var ingen Sandbeck, Ole Paus eller Jan Eggum som laga tekst og melodi og framførte dei.
Difor lèt eg meg lett irritere når det blir sagt at «no skal vi høyre ei Prøysen-vise». For melodiane vart laga av dei fremste songkomponistane vi hadde i tiåra etter krigen. Sjølve A-laget i sjangeren viser og songar som var knytt til NRK og ulike teater i Oslo. Først og fremst Bjarne Amdahl og Finn Ludt. Men også Christian Hartmann og Johan Øian bør nemnast. Tekstane til Prøysen var i utgangspunktet av topp kvalitet, men desse komponistane trylla fram melodiske perler som løfta heilskapen til nye høgder. Men komponistane er gjorde usynlege, og det fortener dei ikkje, for fleire av dei beste songane deira står ikkje tilbake for duoen Vinje og Grieg.
Oftast skreiv Prøysen tekstane først, men når det gjeld «Blåklokkevikua» (Trost i taklampa, musikal 1963), var det annleis. Ludt laga melodien først, etter ein instruksjon om tematikken frå Prøysen, og så vart teksten laga. Legg merke til at alle tekstlinene endar på vokalane å, a, i, e. Så dukkar ordet syng opp og får fokus. Prøysen får oss til å smake på ordet med ein klingande konsonant. Ordet blir dermed kroppsleggjort og «synnnnnnng» i oss. Det endelege resultatet er elegant løyst av både tekstforfattar og komponist!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.