JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1681
20170428
1681
20170428

Vi har ein norsk verdsmeister i sjakk – kvifor ikkje trekkje fram eit dikt av den av poetane våre som har skrive mest om denne gjæve sysselen: Oslo-diktaren André Bjerke (1918–1985).

Spillet i mitt liv (1968) er ei prosabok som i innleiinga har ein sonett om kva som lyfter kunst til noko meir enn bløff. «Kunstverket» heiter diktet – avsluttinga lyder: «Alene sjakkens kunst har faste normer / for godt og dårlig: Hva man duger til, / må nemlig vise seg i vunnet spill. // All bløff blir avslørt der – i alle former. / Og derfor bør den sanne kunstner vie / seg til det rene kunstverk: sjakkpartiet.»

Vi veit at André Bjerke var ein formmeister som såg det som si oppgåve å slå ned på den påståtte formløysa hjå modernistane. Faste normer – ja vel. Men korleis møte nye former? Det brydde Bjerke seg mindre om. I sin polemikk tok han iblant vel hardt i – nok om det.

«Folkets hus, Dælenengen» frå 1974 er eit av Bjerkes mange Oslo-dikt, også det i sonettform. Kontrasten går mellom sjakklubbens røykfylte innerom, der det vert tenkt – og tvers over gata skøyteaktiviteten på Dælenengens idrettsplass, med grammofonmusikk frå høgttalarar. Bjerkes sjakklubb Stjernen flytta seinare til ei anna adresse. Mursteinsbygningen frå 1932 heiter i dag Grünerløkkas Hus.

«Stillhet og støy» – det stemmer ikkje heilt, vinterstid: Skøytesporten er stille nok, han. Det er grammofonmusikken som til tider kunne vera larmande. Men det er ingen idrett.

Larm og bråk kunne det vera sumarstid, når Basse Hveem og dei andre speedwayheltane flådde banen rundt for å koma først i mål. Då lukta det metanol til langt inn på tribunane – slik dufta av tobakk låg tungt over sjakklokalet.

JAN ERIK VOLD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis