Våren dominerer norsk naturlyrikk
Ei samling med norske naturdikt er nett kommen på marknaden, og redaktør Eirik Vassenden forsikrar at Inn i naturen er fri for kanonambisjonar.
Vinje-furua, tusjteikning av Theodor Kittelsen, 1912.
Saman med litteraturvitar og bibliotekar Julie Holdal Hansen har litteraturprofessoren frå Universitetet i Bergen vandra i det norske poesilandskapet på jakt etter naturdikt. Etter å ha lese og drøfta, plukka og valt sat dei att med 101 dikt, jamt fordelte mellom nynorsk og bokmål. Og desse har dei delt inn etter årstidene. Saktens er kanoniserte tekstar med, men også mindre kjende og bortimot heilt nye. Berre fire poetar har fått med tre dikt kvar: Hans Børli, Inger Hagerup, Olav H. Hauge og Stein Mehren.
– Når 78 poetar er representerte med til saman 101 dikt, må de ha lagt større vekt på breidde enn på å få det absolutt beste utvalet?
– Dette er ikkje ei samling av Noregs 101 beste naturdikt, men dei dikta vi tykte passa i denne samanhengen. Vi har prøvd å lage ein liten vri på det ved å blande klassiske og nye tekstar og få inn ulike motivkrinsar. Eit av dei mindre kjende er Zinken Hopps «Maneter», ein fin meditasjon over kva for type medvit som måtte finnast inne i den vesle glasklumpen.
– I utvalet har vår og sommar fått dobbelt så stor plass som haust og vinter. Det fortel vel om mengda dikt de hadde å velje mellom frå dei ulike årstidene?
– Vi har ikkje gjort noka fullgod utforsking av det som finst, for å lage eit representativt utval. Men eg har ei kjensle av at våren vil vere i klart overtal. Naturlyrikken har ein sentral plass i poesien i det 19. hundreåret, og særleg romantikken er oppteken av det som blir til, det som faldar seg ut, ikkje det som er. Det er noko med naturens skaparkraft som speglar seg i – eller blir spegla av – poesiens eigenskapar. Alt som veks og gror, har ein sterkare fascinasjon enn det som visnar og døyr.
– I kva grad dominerer romantikkens natursyn den norske naturlyrikken?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.