Torgeir Rebolledo Pedersen

Publisert Sist oppdatert

Torgeir Rebolledo Pedersen frå Oslo (f. 1949) har mellom­namnet sitt frå morfaren Efrén Rebolledo (1877–1929), ein kjend lyrikar i Mexico. Den norske poeten er utdanna arkitekt, men har verka som fulltids forfattar etter diktdebuten Tidr (1983): «De er knape tidr/ De er nsten ikk vokler ign i sprkt/ De tk for my tid å les /o bre sg fr my på skrvmskn…»

Hans fyldige Dikt i utvalg (2019) på 565 sider er vald frå 16 samlingar over 35 år. Dessutan har han gjeve ut dikt for born: Lammet som ikke ville bli lår og Godnatt, lille abbor. Han har opptredd med Stuntpoetene på 1980-talet, han har skrive kabaretar og korverk og radiooperaen Alfa Romeo. I 2005 vart han noregsmeister i slampoesi. Han er ein aktiv avisdebattant og har vore med på poesifestivalar i Europa og Latin-Amerika.

Poesien hans er mangslungen og slentrande, alltid språkmedviten, ofte samfunnskritisk, gjerne samlivsorientert: I krig og kjærlighet er ennå mye ugjort er ein typisk boktittel. Forholdet til far og mor vert ofte teke opp: «mor er min ambassade i far/ mor forhandler på mine vegne overfor far…»

Årets bok Tilværelser er ei essaysamling der livet i stort er tema. «Om sønnetap og skyld» handlar om son hans, som døydde i ung alder.

Å finna eit «sentralt dikt» hos Torgeir Rebolledo Pedersen er vanskeleg. Her er eitt frå den seinaste diktsamlinga hans Sauesankertanker (2017). Det språkproblematiske dominerer mykje av diktinga, «var og er». Likevel stikk altså strålane frå vintersola opp.

Eksistenser mellom var og er

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement