Svar på brev frå statenSomaliske Mona Ibrahim Ahmed har gitt opp mykje for å kunne velje moglegheitene Noreg har gjeve henne.
Somaliske Mona Ibrahim Ahmed har gitt opp mykje for å kunne velje moglegheitene Noreg har gjeve henne.
Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik har skrive «Brev til Noreg, som vart lansert denne veka.
Foto: Helge Skodvin
– Vi må høyre på dei som går føre og som tek kampane. Mona er ei som gjer det.
Det seier redaktør og kommentator Hilde Sandvik. Saman med somaliske Mona Ibrahim Ahmed har ho skrive boka Brev til Noreg, som vart lansert denne veka.
Boka er Ahmeds svarbrev til samfunnet ho kom til då ho var 16 år, og som ho no nyleg – ti år seinare – fekk brev med endeleg avslag på statsborgarskap i. Ho har opphaldsløyve, er ferdig utdanna og jobbar for tida i Kirkens Bymisjon. Foreldra hennar har fått norsk statsborgarskap, men sjølv får ho altså verken raudt pass eller bankkort med bilete.
Sandvik kallar boka eit vitnesbyrd, og eit rop om handling på fleire plan.
Frå vi til einsemd
I Brev til Noreg fortel Ahmed om oppveksten som somalisk flyktning i ein klankultur i Etiopia, og om faren som reiste og sju år seinare ringde og sa dei kunne kome etter han. Ho var skuffa då ho høyrde at det var til Noreg dei skulle, ikkje til USA, Australia eller England. Ti år seinare har ho omfamna mange av moglegheitene Noreg gav henne, på godt og vondt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.