JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Svar på brev frå staten

Somaliske Mona Ibrahim Ahmed har gitt opp mykje for å kunne velje moglegheitene Noreg har gjeve henne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik har skrive «Brev til Noreg, som vart lansert denne veka.

Foto: Helge Skodvin

4441
20181102
4441
20181102

Integrering

eva@dagogtid.no

– Vi må høyre på dei som går føre og som tek kampane. Mona er ei som gjer det.

Det seier redaktør og kommentator Hilde Sandvik. Saman med somaliske Mona Ibrahim Ahmed har ho skrive boka Brev til Noreg, som vart lansert denne veka.

Boka er Ahmeds svarbrev til samfunnet ho kom til då ho var 16 år, og som ho no nyleg – ti år seinare – fekk brev med endeleg avslag på statsborgarskap i. Ho har opphaldsløyve, er ferdig utdanna og jobbar for tida i Kirkens Bymisjon. Foreldra hennar har fått norsk statsborgarskap, men sjølv får ho altså verken raudt pass eller bankkort med bilete.

Sandvik kallar boka eit vitnesbyrd, og eit rop om handling på fleire plan.

Frå vi til einsemd

I Brev til Noreg fortel Ahmed om oppveksten som somalisk flyktning i ein klankultur i Etiopia, og om faren som reiste og sju år seinare ringde og sa dei kunne kome etter han. Ho var skuffa då ho høyrde at det var til Noreg dei skulle, ikkje til USA, Australia eller England. Ti år seinare har ho omfamna mange av moglegheitene Noreg gav henne, på godt og vondt.

Kort tid etter at ho kom til Noreg og Bergen, la ho frå seg hijaben. Det vart sett på som eit svik både i familien og i resten av det somaliske samfunnet. Dei definerte henne ut av viet ho hadde vakse opp i, plasserte henne på utsida og mista tilliten til henne, ifølgje henne. Det norske samfunnet støtta henne heller ikkje i lausrivinga.

«Ingen kjende mi historie, ingen visste kva eg opplevde heime, og ingen stilte heller spørsmål. All konsentrasjon var retta mot at vi skulle bli integrerte så fort som mogleg. Og det plaga meg. Kvifor er det ingen som spør: ’Korleis går det heime? Kven bur du med? Har du familie i Noreg?’ Målet på skolen var at vi skulle lære oss norsk så raskt som mogleg. Innhaldet i det vi sa, var ikkje så interessant», fortel ho i boka.

Tid for gutane

– Mona ser både det ho kjem frå og det ho lever i – «oss» og «dei» – veldig klart. Det gjer røysta hennar viktig og sentral. Ho hareit blikk og ei erfaring som manglar i offentlegheita i dag, seier Sandvik.

Ho kjende til Ahmed frå sceneprosjektet Fargespill i Bergen, som Ahmed har vore del av sidan det året ho kom til byen. Sandvik bad i fyrste omgang om eit intervju. Eit møte vart til fleire, og intervjuet vart etter kvart utvikla vidare til ei bok.

Ahmed fortel at den største gåva Noreg har gjeve henne, er høvet til å reflektere, å kunne tenkje sjølv, ikkje tenkje kva familien hennar eller det somaliske miljøet ville ha tenkt, men spørje seg kva ho sjølv tenkjer. Samstundes meiner ho å sjå at innvandrargutar ikkje får same rommet til å lære å reflektere som jentene får.

«Det norske samfunnet vart lagt opp til at eg som jente kunne snakke: ’Ver så god, Mona. No kan du fortelje.’ Som då eg først byrja å tale høgt om å ta av meg hijaben. (…) Slike oppfordringar får sjeldan gutane, men eg kjenner også ganske mange av dei som har teke avstand frå familien, og som har teke sine eigne val. Dei har ikkje den same moglegheita til å vise kven dei er», fortel Ahmed i boka. Ho meiner tida er inne for ein frigjeringskamp for gutane.

– Viktige bodskap

Sandvik kallar boka eit vitnesbyrd og håpar ho får følgjer både for politikk og integrering.

– Mona skildrar det å kome frå og vekse opp i ein klankultur på ein måte som vi ikkje har sett skildra så skarpt i Noreg før. Ho skildrar kva som skjer i møte med det norske, og ho er tydeleg på kva utfordringar og dilemma ho meiner vi står overfor i eit samfunn som vert mindre og mindre homogent. Prisen ho betalte for å bryte med det ho kom frå, var i starten einsemd. Ho tok vala og greip sjansane Noreg gav, men det var lite i det norske og møtet med statsindividualismen som tok vekk einsemda. Det synest eg ho skildrar på ein så bra måte at boka er eit rop om handling, seier Sandvik.

Ho håpar Brev til Noreg vert lesen av alle som jobbar med integrering – på mottak, på skular, i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og blant politikarar – som læreverk i korleis ein skal ta imot folk.

–?Mona peikar jo òg på ein grenselaus naivitet i mottaksapparatet i dag og har viktige bodskapar å kome med, seier Sandvik.

Det lukkast ikkje Dag og Tid å få eit intervju med Ahmed denne veka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kvifor er det ingen som spør: «Korleis går det heime?»

Mona Ibrahim Ahmed­
i Brev til Noreg

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis