Bloggar Kristine Ullaland saman med mållagsleiar Magne Aasbrenn då ho fekk nynorskstipendet på 50.000 kroner i Bergen laurdag 20. mai.
Foto: Noregs Mållag
Stipend til grøn blogg
Noregs Mållag har gitt Kristine Ullaland frå Bergen nynorskstipend på 50.000 kroner for bloggen «Grønare kvardag».
– Vi ser for lite nynorsk i media og sosiale medium, og det er ingen tvil om at bloggen «Grønare kvardag» er ein positiv aktør, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.
«Grønare kvardag» har fått svært mykje mediemerksemd i nasjonale og internasjonale medium. I det ho skriv, har Kristine Ullaland eit klart fokus på at den moderne livsstilen produserer for mykje søppel, og ho har konkrete råd til korleis ein kan leve utan å etterlate seg kilovis av boss dagleg. Råda er praktiske – frå kva du kan nytte ein brukt tannkost til, til kampen mot antibiotikaresistens.
statsråd opnar Dei nynorske festspela
– Han er ein tydeleg nynorskbrukar i regjeringa Solberg og i eit av dei største partia i landet. Difor passa det godt å invitere han, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Festspela opnar torsdag 29. juni i Ørsta.
Frå første dag som mat- og landbruksminister sette Dale ein språkleg standard for bruk av nynorsk i departementet. Nettopp Mat- og landbruksdepartementet har over tid vore blant dei betre i bruk av nynorsk.
Dei nynorske festspela er 25 år i år, og blant dei mange opningstalarane er Jon Georg Dale den sjuande statsråden som har fått denne æra.
Etterretningssjef er årets nynorskbrukar
Sjefen for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, er kåra til Årets nynorskbrukar 2017. Han får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet», seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.
– I eit langt yrkesliv i Forsvaret har eg vore utsett for språkpåverknader i ulike område av landet. Det har alltid vore viktig for meg å nytte mitt eige tale-språk.
Prisen – 100.000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst – blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta. Lunde kjem til å gi pengane til eit verdig føremål.
jon@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.