JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Åselill Sæthre dukka ned i kabaret- og revyhistoria, og fann noko ho ikkje kunne late liggje nedstøva.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Åselill Sæthre er musikklærar og musikar.

Foto: Mone Celin Skrede

3409
20170818
3409
20170818

– Det var som om eg hadde gått glipp av noko, seier jazzvokalist, tekstforfattar og komponist Åselill Sæthre.

I dag kjem første singel frå Sanger for katten, som kjem 25. august. Sæthre debuterte med Krumkakesanger i 2013, og i 2015 fekk ho Statens kunstnerstipends diversestipend for nyutdanna kunstnarar.

I heimbygda Siljan i Telemark fann ho songgleda i kyrkjekoret. Kulturskulen starta ikkje opp før ho var ungdomsskuleelev.

– Eg var ein slik unge som berre tok til å synge ein dag, og så fall det naturleg, seier ho.

Nora Brochstedts låt «Hvorfor kysser alle Solveig» leia Sæthre inn på Chat Noir. Så studerte ho Lalla Carlsen, songarinne i ensemblet då Bokken Lasson starta teateret. Det vart ein mastergrad i norsk kabaret- og revymusikk.

– Den mest kjende visa på plata er «Norge i rødt, hvitt og blått», men det er ikkje ei kabaretvise?

– Har du ikkje høyrt Chat Noir-historia? Lalla Carlsen, som var Noregs store stjerne på kabaretscenen på den tida, song visa under 17. mai-feiringa i 1945. Visa var forboden under krigen, men vart omskriven og fekk tittelen vi kjenner i dag. Ein av publikumarane skal ha hamna i ein slik ekstase over det nyleg frie Noreg at han åt programmet sitt, bit for bit. Sanger for katten er ei blanding av kabaret- og revyviser, mange av dei frå før revyen fanst i Noreg. Eg har nytta eit utval låtar som framleis er relevante, og måtte finne ut om nett eg kunne fortelje dei. Eg har ikkje sett revyane, og har ikkje kunnskapen om korleis dei var den gongen. Visene står åleine, men eg trur dei toler det.

– Du har intervjua folk som har eit personleg forhold til låtane: visesongar Kari Svendsen, barnebarnet til artisten Kari Diesen, og skodespelarane Tom Sterri og Bentine Holm er nokre av dei. Var dei redde du skulle feiltolke låtane? Og var du redd dei personlege tolkingane skulle gjere at di eiga tolking forsvann?

– Om dei var redde for det, sa dei det ikkje til meg, seier ho og ler.

– Men Tom Sterri bad meg gjere det på min måte. Det var både skremmande og herleg. Eg har lånt låtane med stor respekt. Sjangeren var ny for meg, og eg har gjort store grep i musikken. Ein er ikkje van med å høyre «Norge i rødt hvitt og blått» som ballade. Men eg har forsøkt å framheve det som alt er der. Eg lærte mykje om å fortelje, for revyen handlar om å fortelje historier.

– Plata er «uforbeholdent renvasket for jantelov», står det i omtalen?

– Ja, eg har gjort slik eg ville. Eg har gått på med dødsforakt, og tenkt lite på kva folk tykkjer. Eg skal heller ta angsten etterpå. Men eg håpar sjølvsagt at dette skal gje meining for nokon. Eg trur mange musikarar skriv, syng og skaper fordi dei . Det er eit grunnleggjande behov. Slik er det for meg òg.

– Kvifor trur du revymusikken er i ferd med å støve bort?

– Eg trur revyen lid under eit mindreverdskompleks; han skulle ikkje framsnakkast. Dei fleste veit ikkje kven Lalla Carlsen var, og få har høyrt dei fantastiske arrangementa til Egil Monn Iversen. Eg brenn for å løfte fram nedstøva musikk, og mange av tekstane på plata var det ikkje råd å finne att. Nokre av dei fekk ny melodi, og måtte nesten skapast på nytt. «Sisiken på Nellys hatt» er ein slik. Dersom ingen syng dei, vert låtane borte. Eg håpar denne musikken lever vidare, seier Åselill Sæthre.

Mone Celin Skrede

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis