Soga til skrivemaskina
I 2017 feirar skrivemaskina 150 år. Det blir markert i bøker som hyllar den unike oppfinninga.
Nietzsches «skrivekugle».
Foto: wikicommons
Skrivemaskin
ronny@dagogtid.no
Nederlendaren Paul Robert har saman med amerikanaren Peter Weil skrive soga til skrivemaskina. Boka heiter Typewriter, a Celebration of the Ultimate Writing Machine. Begge høyrer til ein generasjon journalistar som byrja å skrive med skrivemaskin, og som gjekk over til å skrive på datamaskin. Boka kom ut rett før jul, og har vekt interesse i år, i og med at skrivemaskina feirar 150 år.
«Skrivemaskina er ei av dei største oppfinningane på 1800-talet», heiter det på nettstaden www.typewritermuseum.org. Her finn ein òg bilete av gamle maskiner. Ulike oppfinnarar kappast om æra for å ha laga den fyrste maskina: ein tyskar, ein danske og to amerikanarar.
Dansken Rasmus Malling-Hansen er kjend for å ha laga ei såkalla skrivekugle, som liketil Friedrich Nietzsche tok i bruk. Dei som hadde størst suksess, var amerikanarane Christopher Latham Sholes og Carlos Glidden. Maskina deira vart gjenstand for masseproduksjon.
Har skrivemaskina forsvunne heilt i dag? Nei, faktisk ikkje, ho blir enno teken i bruk. Robert og Weil fortel at det finst funksjonærar i India som framleis tilbyd tenester på skrivemaskiner for innbyggjarar som ikkje kan lesa og skrive. Faktisk fanst det ein fabrikk i India som produserte skrivemaskiner fram til 1990-åra. Og i USA held dei såkalla «skrivemaskinrodeoar», der ein tevlar om å skrive hurtigast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Skrivemaskin
ronny@dagogtid.no
Nederlendaren Paul Robert har saman med amerikanaren Peter Weil skrive soga til skrivemaskina. Boka heiter Typewriter, a Celebration of the Ultimate Writing Machine. Begge høyrer til ein generasjon journalistar som byrja å skrive med skrivemaskin, og som gjekk over til å skrive på datamaskin. Boka kom ut rett før jul, og har vekt interesse i år, i og med at skrivemaskina feirar 150 år.
«Skrivemaskina er ei av dei største oppfinningane på 1800-talet», heiter det på nettstaden www.typewritermuseum.org. Her finn ein òg bilete av gamle maskiner. Ulike oppfinnarar kappast om æra for å ha laga den fyrste maskina: ein tyskar, ein danske og to amerikanarar.
Dansken Rasmus Malling-Hansen er kjend for å ha laga ei såkalla skrivekugle, som liketil Friedrich Nietzsche tok i bruk. Dei som hadde størst suksess, var amerikanarane Christopher Latham Sholes og Carlos Glidden. Maskina deira vart gjenstand for masseproduksjon.
Har skrivemaskina forsvunne heilt i dag? Nei, faktisk ikkje, ho blir enno teken i bruk. Robert og Weil fortel at det finst funksjonærar i India som framleis tilbyd tenester på skrivemaskiner for innbyggjarar som ikkje kan lesa og skrive. Faktisk fanst det ein fabrikk i India som produserte skrivemaskiner fram til 1990-åra. Og i USA held dei såkalla «skrivemaskinrodeoar», der ein tevlar om å skrive hurtigast.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.