Smask eller skot
Eg var tolv då eg skjønte
eg var unormalt opptatt
av Mel C
Eg var seksten då eg tenkte det høgt
for første gong
Eg er ikkje så interessert i gutar, eg
eigentleg
fordi
fordi
om du skjønnar?
Eg var nitten då eg hoppa ut av klesskåpet
på folkehøgskulen
Det skulle vere komisk
noko ufarleg
men det dundrande hjartet
ville det annleis
Eg var tjueein då T-skjorta matcha
den andre miljøarbeidaren si
Eg liker jenter
Eg òg
Eg var tjuetre då eg såg på bestemor
la ned gaffelen, tok sats
kremta
gret
Eg var tjuefem då eg vart forelska
i ein indisk muslim
på ein skjønnheitssalong
og sa det til sjefen hennar
Eg var tjueni då eg laga quiz
om det
for nye kollegaer
Eg var tretti då eg leia ein kjærast
over Torgallmenningen
Byrja å seie ho heiter
ho og eg
ho, ho, ho
Eg var trettifem då eg fortalde vaskedama på jobb
eg har treft ungdomsforelskinga mi
på Tinder
Eg kjem til å bli bonusmamma
er det ikkje fantastisk?
Eg var trettiseks då eg skreiv
Eg er trygg
på facebookstatusen min
under Oslo Pride
Det er uendeleg mange måtar
å fortelje denne verda på
Er eg heldig
privilegert
bortskjemd
som berre har fått kjærleik
tilbake?
Og er eg naiv
når eg tenker
kanskje ville det ikkje skjedd
om også han
hadde fått
den same kjærleiken
gjennom livet?
Nina Bergheim Dahl
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg var tolv då eg skjønte
eg var unormalt opptatt
av Mel C
Eg var seksten då eg tenkte det høgt
for første gong
Eg er ikkje så interessert i gutar, eg
eigentleg
fordi
fordi
om du skjønnar?
Eg var nitten då eg hoppa ut av klesskåpet
på folkehøgskulen
Det skulle vere komisk
noko ufarleg
men det dundrande hjartet
ville det annleis
Eg var tjueein då T-skjorta matcha
den andre miljøarbeidaren si
Eg liker jenter
Eg òg
Eg var tjuetre då eg såg på bestemor
la ned gaffelen, tok sats
kremta
gret
Eg var tjuefem då eg vart forelska
i ein indisk muslim
på ein skjønnheitssalong
og sa det til sjefen hennar
Eg var tjueni då eg laga quiz
om det
for nye kollegaer
Eg var tretti då eg leia ein kjærast
over Torgallmenningen
Byrja å seie ho heiter
ho og eg
ho, ho, ho
Eg var trettifem då eg fortalde vaskedama på jobb
eg har treft ungdomsforelskinga mi
på Tinder
Eg kjem til å bli bonusmamma
er det ikkje fantastisk?
Eg var trettiseks då eg skreiv
Eg er trygg
på facebookstatusen min
under Oslo Pride
Det er uendeleg mange måtar
å fortelje denne verda på
Er eg heldig
privilegert
bortskjemd
som berre har fått kjærleik
tilbake?
Og er eg naiv
når eg tenker
kanskje ville det ikkje skjedd
om også han
hadde fått
den same kjærleiken
gjennom livet?
Nina Bergheim Dahl
Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.