For sjette gong er Martine Kraft ute med eit album som kryssar sjangergrenser i alle retningar.
Martine Kraft og bandet hennar har spelt i USA fleire somrar, blant anna på Fairieworlds-festivalen i Oregon.
Foto: Pressefoto
Martine Kraft (34), tidlegare Lund Hoel, gjev ut plate under familienamnet sitt for andre gong. Den stort sett sjølvlærde kulturformidlaren og musikaren speler tre ulike feletypar, og fekk eit par timar hos folkemusikar og fiolinist Annbjørg Lien tidleg i utdanninga. Huldreblod er den sjette plata hennar, ein hyllest til huldra, styrken og skaparevna i mennesket. Sjølvsagt er det huldrefela som får setje tonen. Og for første gong gjev ho ut ei plate med berre norske songtekster.
– Kva er det med huldra som fascinerer deg slik?
– Ho vil folk godt, er sta og full av kraft og styrke. Det kjennest rett for meg. Norsk folketru, mytar og segner har interessert og inspirert meg frå eg var svært ung. Huldra er ein sterk skapnad og hovudperson i heftige forteljingar. Ho kan ikkje formeire seg utan menneskeblod, men må skiljast frå det underjordiske folket for å få vere saman med eit menneske. Ho har ei forførarside òg, ler Kraft.
– Musikken din er eit oppkome av ulike kulturuttrykk og sjangrar. Sjølv spelar du ikkje berre tre typar fele, men bratsj, fløyte og nøkkelharpe. Og så syng du. Kva er ideen bak?
– Eg har alltid likt folkemusikk frå heile verda, men høyrer på mykje ulikt. Tonespråket mitt er berre slik. Det er unaturleg for meg å tenkje sjanger. Det blir folkemusikk, klassisk, bluegrass, rock og pop om ein annan. På den førre plata hadde eg med meg den spanske rapduoen Degos frå Oslo; dei rappa på spansk, og vi song spansk, gælisk, engelsk og norsk. Det sprikar, men hardingfela ligg alltid i botnen.
– Og det er første gong eg brukar huldrefela mi på ei plate. Den er ei tistrengars hardingfele som har ein ekstra basstreng. Registeret vert mykje breiare då.
– Du har med deg Johan Sara på joik og Kjell Braaten på vokal og perkusjon, som elghovar og elgkjeve. Det er verkeleg norsk tradisjon som gjeld?
– Heilt i starten av karrieren budde eg på ein leirskule i Lom, og eg fann hardingfela mi hengande på ein vegg i Vågå. Tida der sette djupe spor: Du ser føre deg så mykje rart der. Det var viktig for meg å spisse denne plata inn mot det norske. Eg har gjeve ut ei barnebok om norsk folketru, som vi jobbar med å få gjeve ut i USA.
– I sommar reiser du og bandet til USA for å samarbeide musikalsk med indianarstammar i Oregon, Washington og Lakota. Korleis hamna de der?
– Eg fekk eit e-brev av ein smykkedesignar i Washington for tolv år sidan. Han fortalde at han var fascinert av musikken min, og ofte høyrde på han mens han arbeidde. Han gjorde bistandsarbeid for ulike indianarnasjonar, og vi vart inviterte til feiring i Wallowa, der Nez Perce Indian Nation feirar folket sitt og det at dei har fått tilbake delar av det heilage landet sitt. Det var starten på eit eventyr. Vi fekk som dei første «kvite» spele i ein heilag seremoni. No jobbar vi musikalsk med fleire ulike indianarnasjonar. Det finst fascinerande mange parallellar mellom amerikansk og norsk urmusikk.
– De har spelt mest utanfor Noregs grenser. Men no vil de spele meir i Noreg?
– Ja, det er på tide å kome seg heim att. Vi har spelt i USA i mange år, i Spania og Tyskland. I sommar skal vi til Nederland for første gong. I samband med platesleppet reiser vi på huldreturné. Han startar i Hemsedal før vi reiser vidare til andre huldrestader i fjellheimen, fortel Martine Kraft.
Mone Celin Skrede
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?